Arbeidsmarknad

Arbeidsmoglegheiter i framtidas Fyresdal

Fyresdal har eit variert arbeidsliv med moglegheiter innan både privat og offentleg sektor. Etableringa av datasenteret vil skape nye arbeidsplassar og vekst, men er berre ein del av eit breiare næringsliv som allereie er i utvikling.

Datasenter og teknologi

Datasenteret vil gi behov for driftsteknikarar, elektrikarar, automatikarar, ingeniørar, IT-spesialistar, sikkerheitspersonell og leiarar. Samstundes vil det skape oppdrag for ei rekke lokale leverandørar.

Handverk, bygg og entreprenørverksemd

Det vil vere stor etterspurnad etter fagarbeidarar innan bygg og anlegg, elektro, rør, ventilasjon, kjøleteknikk, transport og maskinentreprenørtenester. Lokale handverksbedrifter og entreprenørar vil spele ei viktig rolle i utviklinga.

Industri og næringsliv

Fyresdal har fleire spennande verksemder innan industri, energi og naturforvaltning. Bedrifter som DM Energy, Telemark Kildevann, Faun Naturforvaltning og andre lokale verksemder tilbyr arbeidsplassar innan produksjon, teknologi, rådgiving, logistikk og fagtenester.

Primærnæringar

Landbruk og skogbruk er framleis viktige næringar i Fyresdal. Samtidig opnar utviklinga for nye moglegheiter innan lokal matproduksjon, foredling, bioøkonomi og berekraftige næringar.

Handel, reiseliv og tenesteyting

Fleire innbyggarar og besøkande skaper grunnlag for vekst innan varehandel, servering, overnatting, opplevingar og ulike serviceyrke. Reiselivet er ei viktig næring og vil framleis vere ein sentral del av framtidas Fyresdal.

Nye næringar knytt til overskotsenergi

Overskotsvarme frå datasenteret kan på sikt gi grunnlag for nye verksemder innan mellom anna veksthusproduksjon, matforedling, landbasert oppdrett og andre energibaserte næringar.

Også kommunen treng folk

Fyresdal kommune er ein stor arbeidsgivar med arbeidsplassar innan helse og omsorg, oppvekst, kultur, tekniske tenester, plan og forvaltning, administrasjon og samfunnsutvikling.

Dette er ikkje ei uttømmande liste. Framtidas Fyresdal vil trenge folk med ulik bakgrunn, utdanning og erfaring – frå fagarbeidarar og bønder til ingeniørar, lærarar, helsepersonell, gründarar og leiarar.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?