Bustad
Eit Fyresdal med plass til fleire
Fyresdal treng fleire bustader, både for dei som bur her i dag og for nye innbyggarar som ynskjer å etablere seg i kommunen. I åra framover skal det utviklast fleire attraktive bustadområde med ulike bustadtypar og gode bumiljø.
Målet er å gjere det enklare å finne ein bustad som passar, enten du er fyrstegongsetablerar, familie, arbeidstakar, ynskjer noko meir lettstelt eller vil flytte til Fyresdal.
Århus
Århus blir eit heilt nytt bustadområde med moderne bygg og eit særprega uttrykk. Prosjektet er utvikla med mål om å skape noko nytt, samstundes som arkitektur og utforming skal spele godt saman med den eksisterande Folkestadbyen og særpreget i området.
Her blir det utvikla nye bustader med fokus på kvalitet, trivsel og heilskap, i eit område som skal kombinere framtidsretta løysingar med respekt for staden si historie og identitet.
Status: Prosjekt under utvikling.
Skogtun
På Skogtun er arbeidet allereie i gang med å vidareutvikle eit eksisterande bustadområde. Her blir eksisterande leilegheiter renoverte og oppgraderte, samstundes som det skal byggast nye bustader i området.
Målet er å skape eit attraktivt og variert bumiljø, der både eksisterande og nye bustader blir ein del av eit samla løft for området.
Status: Prosjekt i gang.
Eit variert bustadtilbod
Fyresdal skal ha plass til ulike måtar å bu på. Difor blir det arbeidd for fleire ulike bustadtypar, mellom anna:
- Leilegheiter
- Tomannsbustader og rekkehus
- Einebustader
- Utleigebustader
- Lettstelte bustader
Eit variert bustadtilbod skal gjere det enklare å finne ein bustad som passar ulike livssituasjonar og behov.
Vil du bygge eller utvikle bustader i Fyresdal?
Fyresdal kommune ynskjer samarbeid med private utbyggarar, grunneigarar og andre som ynskjer å bidra til bustadutvikling i kommunen.
Har du idear, eigedom eller ynskjer å vite meir om moglegheitene? Ta gjerne kontakt med kommunen.
Dette er berre starten
Bustadutvikling skjer ikkje over natta, men arbeidet er i gang. På denne sida vil vi fortløpande dele informasjon om prosjekt, planar, framdrift og nye moglegheiter innan bustad i Fyresdal.
Sist oppdatert
