Hotell
Eit sentrumsnært hotell er eitt av fleire prosjekt som skal bidra til å utvikle framtidas Fyresdal. Her finn du informasjon om hotellprosjektet, aktuelle tomtealternativ, framdrift og vegen vidare.
Kvifor blir hotell vurdert?
Datasenteret på Molandsmoen vil føre til meir aktivitet og fleire besøkande til Fyresdal. Samtidig viser ei hotellfagleg analyse at det kan vere grunnlag for eit hotell basert på både næringsliv, reiseliv og møteaktivitet.
Eit framtidig hotell er tenkt som meir enn eit overnattingstilbod. Det kan også bli ein møteplass for innbyggjarar, næringsliv og besøkande, og bidra til vidare utvikling av sentrum.
Aktuelle tomtealternativ og skisser (du kan bla mellom bileta):

Spørsmål og svar om hotellprosjektet
1. Kvifor treng Fyresdal eit hotell?
Utviklinga som no skjer i Fyresdal skaper nye moglegheiter for bygda. Den hotellfaglege analysen viser at det finst eit grunnlag for hotell basert på aktivitet knytt til datasenteret, reiselivet, kurs- og konferansemarknaden og lokalt næringsliv.
Eit hotell kan gi fleire arbeidsplassar, nye møteplassar og eit breiare tilbod til både innbyggarar og besøkande. Samtidig kan det bli ein viktig del av utviklinga av eit levande og attraktivt sentrum.
2. Er hotellet berre til for datasenteret?
Nei. Hotellet er planlagt som eit fleirbrukshotell med overnatting, restaurant, møtefasilitetar og tilbod som kan nyttast av både besøkande og lokalbefolkninga.
3. Er det bestemt at det skal byggast hotell?
Nei. Det er ikkje fatta vedtak om å bygge hotell. Kommunen arbeider no med å greie ut aktuelle alternativ og skaffe eit best mogleg grunnlag for framtidige avgjerder.
4. Er det bestemt kvar hotellet skal ligge?
Nei. Det er ikkje valt tomt.
5. Kvifor blir berre desse tomtene vurderte?
Kommunen har gjennomført eit omfattande arbeid med å vurdere ulike alternativ. Dei aktuelle tomtene er valde fordi dei oppfyller krav knytt til mellom anna tilgjenge, storleik, drift, økonomi og moglegheita til å bidra til utvikling av sentrum.
6. Kan det kome heilt nye tomtealternativ?
Arbeidet fram til no har hatt som mål å identifisere aktuelle alternativ. Det er desse tomtene som inngår i den vidare prosessen.
7. Kva skjer no?
Kommunen skal gjennomføre vidare utgreiingar og planarbeid før det eventuelt blir teke stilling til om og korleis prosjektet kan realiserast.
8. Når blir det teke ei endeleg avgjerd?
Det er ikkje fastsett noko tidspunkt for endeleg avgjerd. Kommunen vil informere om framdrift og viktige milepælar undervegs her på denne sida.
9. Korleis kan eg kome med innspel?
Innbyggarar vil få moglegheit til å sette seg inn i alternativa og kome med innspel gjennom den vidare planprosessen.
10. Kva kan hotellet bety for Fyresdal?
Eit hotell kan bidra til fleire arbeidsplassar, nye møteplassar, auka aktivitet og styrkt attraktivitet for både innbyggarar, næringsliv og besøkande.
11. Kor mange arbeidsplassar kan hotellet skape?
Den hotellfaglege analysen anslår mellom 20 og 30 årsverk i fast drift, i tillegg til deltidsstillingar og positive ringverknader for lokalt næringsliv.
12. Vil hotellet påverke naboar og nærmiljø?
Dette er spørsmål som skal vurderast nærare gjennom planarbeidet. Trafikk, parkering, bygningsvolum, landskap, miljø og naboforhold vil vere viktige tema i dei vidare utgreiingane.
13. Kvar finn eg meir informasjon?
På denne sida vil kommunen fortløpande publisere informasjon om framdrift, illustrasjonar, rapportar, tidslinjer og viktige milepælar i prosjektet.
14. Kvifor kan ikkje hotellet byggast ein annan stad?
Kommunen har over tid vurdert fleire moglege plasseringar for hotell i Fyresdal. Dei tomtene som no blir presenterte, er dei som etter ei samla vurdering er rekna som best eigna. Vurderingane omfattar mellom anna sentrumsnærleik, tilkomst, arealbehov, drift, økonomi og moglegheita for å bidra til utvikling av sentrum. Andre alternativ er vurderte tidlegare i prosessen og er ikkje del av den vidare utgreiinga.
15. Kven skal betale for hotellet?
Hotellet er tenkt realisert og drive av private aktørar på kommersielle vilkår. Kommunen skal ikkje bygge eller drive hotell.
Etableringa av datasenteret skaper eit dokumentert behov for overnatting gjennom fleire år med anleggsaktivitet og seinare drift. Langsiktige behov frå datasenteret, kombinert med eksisterande næringsliv, kurs- og møteverksemd og reiseliv, gjer dette til eit attraktivt investeringscase.
Den finansielle risikoen vil bli teken av private investorar og eigarar. Kommunen si rolle er å legge til rette gjennom planlegging, infrastruktur og næringsutvikling.
Sist oppdatert
