Kulturtilbod

Fyresdal har eit aktivt og mangfaldig kultur- og fritidstilbod som skaper gode møteplassar og aktivitetar for innbyggarar i alle aldrar. Her finn ein eit sterkt engasjement i lokalsamfunnet, eit rikt organisasjonsliv og eit breitt spekter av aktivitetar innan kultur, idrett og friluftsliv.

Kulturskulen tilbyr opplæring innan m.a. korps, gitar, hardingfele, song, piano, slagverk, orgel, dans, turn, kunst og handverk. Tilbodet gir barn og unge moglegheit til å utvikle kreative interesser og ferdigheiter i eit inkluderande og inspirerande miljø.

Eit levande kulturliv

Midt i sentrum ligg det nyoppussa kulturhuset, som fungerer som eit viktig samlingspunkt for bygda. Her finn ein bibliotek, junior- og ungdomsklubb, møteplassar for ulike aktivitetar og ei moderne kulturscene med amfi. Kulturhuset blir nytta jamleg til konsertar, førestillingar, kulturarrangement, møte og andre samlingar gjennom året, og er med på å skape eit levande og aktivt kulturliv i kommunen.

I tillegg har kommunen fleire anlegg som legg til rette for aktivitet og fellesskap, mellom anna symjehall, idrettshall og musikkbinge. Bygdekinoen kjem til Fyresdal kvar veke og er eit populært tilbod for både barn, ungdom og vaksne.

Aktivt organisasjonsliv

Eit rikt organisasjonsliv står sentralt i Fyresdal. Lokale lag og foreiningar tilbyr aktivitetar innan m.a. fotball, symjing, barneidrett, badminton, innebandy, riding, skiskyting, skyting, leirdueskyting, jakt og fiske. Gjennom året blir det arrangert ei rekke stemne, renn, konkurransar og sosiale arrangement som samlar deltakarar frå både kommunen og regionen.

Fyresdal Turlag er ein viktig bidragsytar til friluftslivet i kommunen som arrangerer vekentlege guida turar gjennom store delar av året, som gjer det enkelt å kome seg ut i naturen og bli kjend med dei mange turmoglegheitene i området.

Arrangement gjennom heile året

Gjennom året blir det arrangert ei rekke større og mindre arrangement som skaper aktivitet, fellesskap og besøk til kommunen. Bygdedagen og Bryggeparktreffet blir arrangert første helga i juni kvart år og er viktige møteplassar for både innbyggarar og tilreisande. Dragrace blir arrangert annakvart år i juli og trekker deltakarar og publikum frå store delar av landet. Andre populære arrangement er mellom anna Sparsprinten, Fly-In, drive-in kino og Trollrally.

Natur og kulturhistorie hand i hand

Fyresdal har også ei rik kulturhistorie. Kommunen har mange godt bevarte mellomalderhus og kulturminne som fortel historia om bygda gjennom fleire hundre år. Samstundes ligg fleire attraktive turstiar i nærleiken av sentrum. Hamaren Aktivitetspark og Tretoppvegen har blitt kjende landemerke og populære turmål som gir flotte naturopplevingar for både innbyggarar og besøkande.

Samla sett gir dette innbyggarane eit breitt og variert tilbod innan kultur, idrett, friluftsliv og sosiale aktivitetar. Det bidreg til å skape trivsel, fellesskap og gode oppvekstvilkår, og er med på å gjere Fyresdal til ein attraktiv stad å bu, arbeide og leve.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?