Hyperskala datasenter på Molandsmoen

Siste nytt

Det monterast nå gjerde og portar med adgangskontroll rundt byggeplassen. Samtidig blir det installert trafikkstyring langs Nordvegen for å bidra til sikker anleggstrafikk. Det er også oppstart av pælearbeid i desse dagar.

Nedanfor finn du arbeidstider, informasjon om type arbeid som blir gjennomført framover og konsekvensar av desse.

Arbeidstider på anleggsplassen

  • Måndag–fredag kl. 07:00–19:00
  • Laurdag kl. 07:00–17:00
  • Sundag: Ikkje noko arbeid planlagt

Arbeidet på Molandsmoen er framleis i ein førebuande fase med etablering av anleggsplass, brakker og kontor. Lastebilleveransar er forventa å starte 20. april, med omtrent 10 leveringar per dag.

Arbeidet inkluderer:

  • Flytting av anleggsbrakker frå North Farmland
  • Installasjon av midlertidige kontor
  • Etablering av midlertidige vegar og gangstiar
  • Test og oppstart av pælearbeid
  • Komprimering av grunn og arbeid med tung vals
  • Lastebilleveransar

Potensielle konsekvensar:

  • Flytting av anleggskøyretøy
  • Moderat støy
  • Vibrasjoner

Grunnarbeid med komprimering og tung valsing

Arbeid med tung vals for komprimering av grunnen blir gjennomført:

  • Fredag 17. april
  • Torsdag 23. april
  • Fredag 24. april

For å redusere belastninga for naboar knytt til vibrasjoner, vil dette arbeidet bli gjennomført i eit redusert tidsrom. Arbeidstid for arbeid med tung vals er kl. 08:00–17:00.

Potensielle konsekvensar

  • Vibrasjonar

Grunnarbeid med kverning av røtter og jordflytting

Forventa periode: Heile april

Dette inneber:

  • Fjerning av vegetasjon og kverning av røtter
  • Omfordeling av jordmasser

Potensielle konsekvensar:

  • Støy frå anleggsmaskiner
  • Periodevis anleggstrafikk

Veivedlikehald – kommunal veg

Det er planlagt reparasjon av kommunal veg i april.

Potensielle konsekvensar:

  • Midlertidig trafikkstyring
  • Midlertidig byggestøy

Nye adkomstar langs Nordvegen

Forventa periode: Midten av april

Tre godkjente adkomstar til anleggsområdet blir etablert langs Nordvegen.

Potensielle konsekvensar:

  • Midlertidige grunnarbeid
  • Auka aktivitet i nærleiken av nye adkomstar

Test av pælearbeidet blir gjennomført 20. og 21. april. Data frå etablerte støy- og vibrasjonssensorar rundt anleggsområdet blir samla inn og gjennomgått.

Ordinært pælearbeid startar opp 22. april med to pæleriggar som vil jobbe parallelt. Hensikten med arbeidet er å etablere eit solid fundament som overfører byggets vekt til djupe, bærande jordlag eller fjell.

Dette arbeidet vil medføre støy. Støynivået frå pæleaktivitetar er estimert til å variere mellom 60 dB og 110 dB ved kjelda.

Arbeidet vil skje i tidsrommet:

  • Måndag–fredag kl. 07:00–19:00
  • Laurdag kl. 07:00–17:00
  • Sundag: Ingen arbeid planlagt

Det blir etablert eit einvegskøyringssystem for leveransar til anleggsområdet:

Trafikk til anleggsområdet skjer frå nordsida inntil vidare. Det er også søkt om godkjenning for adkomst frå sør. For å redusere kø, vil eit område inne på campus bli nytta for å hindre opphoping av køyretøy innanfor industriområdet.

Tidslinje arbeid april mai

Tidlegare informasjon

Prosjektet med eit hyperskala datasenter på Molandsmoen i Fyresdal har fått internasjonal merksemd – eit gigantisk datasenter i ei lita bygd!

På Molandsmoen i Fyresdal er det planlagt ei større industrisatsing innan digital infrastruktur gjennom etablering av eit hyperskala datasenter. Med planlagt straumtilknyting på 365 MW og seks datasenterbygg, vil prosjektet kunne bidra til langsiktig industriell utvikling, betydeleg byggeaktivitet og styrkt næringsgrunnlag i regionen.

Prosjektet blir utvikla av EdgeConneX, ein internasjonal aktør innan utvikling og drift av datasenter. Datasenteret er eit hyperskala-anlegg, som betyr at det er dimensjonert for svært store datamengder og bruk innan mellom anna kunstig intelligens (AI), skytjenester og annan digital infrastruktur.

Planlagt straumtilknyting for anlegget er 365 MW. Av dette er 140 MW allereie tildelt gjennom reservasjonskø i kraftsystemet, medan 225 MW ventar på tildeling gjennom kapasitetskø.

Eigedomstransaksjonen knytt til prosjektområdet er gjennomført. Prosjektet har også fått innvilga rammeløyve, og igangsettingsløyve (IG) for grunnarbeid er gitt. Grunnarbeidet starta i første kvartal 2026.

Det er planlagt totalt seks datasenterbygg på området. Kvart bygg vil ha om lag 6 000 kvadratmeter grunnflate, vere oppført i tre etasjar og kunne få ei høgd på opptil om lag 25 meter.

Byggestart datasenterbygga er venta i perioden 2 til 3 kvartal 2026. Prosjektet er planlagt utvikla over fleire år og vil kunne gi betydeleg aktivitet i byggeperioden, samt langsiktig industriell aktivitet i regionen.

Søknadsprosessen for utbygging av datasenter på Molandsmoen (gbnr. 38/133-134) er i gang.

Fyresdal kommune er glad for å kunne dele nyheita om at det er tatt eit viktig skritt i prosessen rundt ei potensiell utbygging av eit datasenter på Molandsmoen (gbnr. 38/133-134).

Rammesøknaden markerer ein viktig milepæl for Fyresdal kommune. Samtidig må vi understreke at det gjenstår fleire avklaringar før endeleg investeringsbeslutning kan bli fatta og spaden settast i jorda. Eit innvilga rammeløyve (rammetilltatelse) er altså ikkje synonymt med at bygging settast i gang.

Nabovarselet er sendt ut av Caerus Architects AS på vegner av EdgeConneX. Varselet gjeld for rammeløyve til heile utbygginga og omfattar oppføring av seks bygningar med tilhøyrande tekniske anlegg. Det vil bli etablert støyskjermar rundt tekniske anlegg der det er nødvendig i henhold til krav. Sikkerhetsgjerde vi bli etablert rundt heile bebyggelsen. Ei eventuell utbygging vil skje i fleire byggetrinn. Nabovarselet inneheld informasjon slik at eventuelt berørte naboar skal kunne ta stilling til tiltaket. Dette betyr at ytterlegare detaljer vil kome seinare, ved innsending av rammesøknaden.

Ofte stilte spørsmål - FAQ

Rammesøknaden er eit stort steg framover for etablering av datasenter på Molandsmoen, men det gjenstår fleire avklaringar før vi veit sikkert om prosjektet settast i gang.

Etter nabovarselet vil utviklar sende inn komplett rammesøknad med detaljerte teikningar. Kommunen vil deretter behandle og ta stilling til søknaden. Dersom det innvilgast rammeløyve, vil neste steg vere at utviklar arbeider vidare med detaljprosjekteringa av tiltaket og, før det skal utførast arbeid, sender søknad om løyve til igangsetting (igangsettingstillatelse). Denne søknaden vil bli delt i fleire trinn og det er sannsynleg at den første vil bli begrensa til grunnarbeid.

Det vil bli etablert støyskjermar rundt tekniske anlegg der det er nødvendig i henhold til forskrifter. EdgeConnex har også bestilt ein støyrapport. Når kommunen har fått informasjon om denne, vil vi dele oppdatert informasjon.

Datasenteret er planlagt med mål om å redusere miljøpåverking til eit minimum. Datasenteret vil nytte fornybar energi og er designa med innovative bærekraftsløysingar. Det blir også arbeidd konkret med planar for utnytting av overskotsvarme. Ein rapport frå 2023 over 27 datasenteraktørar rangerer EdgeConneX som den mest bærekraftige og transparente datasenterleverandøren. Lenke til et annet nettsted.

Eit datasenter vil skape ei rekke arbeidsplassar, både i byggefasen og når det er i drift. For drift av eit datasenter er det behov for å tilsette ekspertoperatørar, spesialtrente driftsleiarar, teknisk personell på staden og sikkerheitstilsette. Når datasenteret er ferdigstilt, vil det ha faste tilsette på staden i ei rekke roller, frå drift til sikkerheit og vedlikehald. Det dreiar seg om rundt 150 stillingar når datasenteret er opp i full drift. I tillegg vil anleggsperioden føre til eit betydeleg behov for arbeidskraft. Samanliknbare prosjekt har eit behov for ca. 300 personar i anleggsfasen. I tillegg kjem betydelege ringverknader. Det er for tidleg å gje eit meir eksakt estimat, ettersom det framleis gjenstår fleire avklaringar før ei endeleg investeringsbeslutning er tatt hos datasenteroperatøren.

Fyresdal kommune var omstillingskommune i perioden 2017–2022 og arbeidde i denne perioden med å utvikle Molandsmoen til eit attraktivt område for m.a. etablering av datasenter.

Då omstillingsarbeidet var avslutta, fortsette arbeidet med etablering av datasenter gjennom Myldr Energipark AS. Å balansere sensitiv informasjon i private selskap opp mot kommunale verksemder og kravet til offentleg informasjon er ei krevjande, men viktig øving. Myldr har handla innanfor rammene som er gjevne av kommunestyret, og har samtidig ivaretatt omsynet til forretningsløyndomar. Organiseringa av arbeidet, reguleringa av området og fullmakta til å utvikle Molandsmoen har i perioden blitt vedtatt og støtta av to ulike kommunestyre.

Myldr Energipark Fyresdal AS er eit heileigd kommunalt selskap med ansvar for sal av areal, kundekontakt, avtaler, kommunikasjon, utgreiingar og utviklingsprosjekt på Molandsmoen. Sidan oppstart har Myldr, i samarbeid med ei rekke fagmiljø, lagt til rette for fleire utviklingsaktivitetar som i sum har gjort Fyresdal til ein attraktiv lokasjon for etablering av datasenter.

Olav A. Veum er dagleg leiar i MYLDR, han er leigd inn gjennom rådgjevingsselskapet Silva Consult AS.

Norsk Data AS er ein eigedomsutviklar og datasenteraktør og har vore engasjert i Fyresdal på fleire område dei siste 4-5 åra. Sidan starten av 2023 har Norsk Data (ND) og Myldr hatt ei samarbeidsavtale, der målet har vore å marknadsføre moglegheitene vi har i Fyresdal både nasjonalt og internasjonalt. Samarbeidet har sikra tilgang til viktig kompetanse og nettverk, og var avgjerande for å få inn datasenteraktøren til Fyresdal som no planlegg utbygging. ND er fortsatt involvert som bindeledd ved eit eventuelt sal av eigedom til ein datasenteraktør.

For ein meir detaljert gjennomgang, gå inn på denne lenka Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., og spol fram til 01:17:00.

Etablering av eit datasenter er ein omfattande og langvarig prosess, som typisk strekker seg over ein periode på om lag 10 år. Denne prosessen involverer ei rekke ulike fasar, frå førehandskontakt og sondering til bygging og driftsetablering. Det kan ta betydeleg tid å oppnå naudsynte løyve, gjennomføre nødvendige reguleringsprosessar og oppnå ei endeleg investeringsbeslutning.

Lydnivå blir målt i desibel (dB), og ulike lydar har svært ulik styrke. Tabellen under viser typiske døme på kva ulike dB-nivå tilsvarer i kvardagen, frå stille lydar til høge lydar som kan vere ubehagelege. Dette gir ein enkel pekepinn på korleis lyd frå eit datasenter samanliknar med vanlege lydkjelder i omgivnadene.

Kva tilsvarer ulike lydnivå i kvardagen?

Kjelder

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?