Miljøfyrtårn og klimaarbeid
Fyresdal kommune er nå Miljøfyrtårn-sertifisert, og vi startar nå arbeidet med å sertifisere dei underliggande einingane i kommunen.
Klimapolicy for Fyresdal kommune
Formål
Fyresdal kommune skal ta ansvar for eiga påverknad på klima, miljø og arbeidsmiljø. Vi skal vere ein berekraftig kommune som tek vare på naturen, reduserer klimafotavtrykket vårt og legg til rette for trivsel, helse og trygge arbeidsplassar.
Retning og prinsipp
- Vi skal bidra til å redusere det totale klimafotavtrykket frå kommunal verksemd, i tråd med nasjonale mål og felles mål i Vest-Telemark.
- Vi skal ta vare på naturmangfaldet og bruke areal og ressursar på ein berekraftig måte.
- Vi skal vere pådrivarar for klimavenlege løysingar lokalt og regionalt.
- Vi skal vere ein tydeleg og ansvarleg arbeidsgjevar som prioriterer eit godt arbeidsmiljø og kompetente medarbeidarar.
- Vi skal forvalte ressursane klokt, slik at dagens behov vert møtt utan å øydeleggje moglegheitene for komande generasjonar.
Hovudområde for arbeidet vårt
- Arealforvalting: Vi skal ta vare på naturkvalitetar, kulturlandskap og biologisk mangfald gjennom god planlegging.
- Jord- og skogbruk: Vi skal støtte berekraftig bruk av naturressursane våre, auke verdiskaping og redusere utslepp.
- Sirkulærøkonomi og avfall: Vi skal fremje gjenbruk, redusere matsvinn og auke kjeldesortering i eigen verksemd.
- Innkjøp: Vi skal stille klima- og miljøkrav ved kommunale anskaffingar og prioritere berekraftige løysingar.
- Energi og ENØK: Vi skal redusere energibruk og stimulere til bruk av fornybare energikjelder.
- Arbeidsmiljø: Vi skal ha ein trygg, open og inkluderande arbeidsplass der alle trivst og får utvikle seg.
Gjennomføring og forbetring
Klimaarbeidet i Fyresdal kommune skal vere ein kontinuerleg prosess.
Tiltak vert vurderte og reviderte jamleg ut frå ressursar, behov og ny kunnskap.
Vi skal samarbeide med innbyggjarar, næringsliv og nabokommunar i Vest-Telemark for å nå felles mål om eit meir berekraftig lokalsamfunn.
Innspel eller spørsmål
Vi ynskjer openheit og dialog i dette arbeidet. Har du innspel eller spørsmål, ta gjerne kontakt med Sunniva Slyngstad på e-post sunniva.slyngstad@fyresdal.kommune.no.
Sist oppdatert
