Stortingsval 2025
Stortingsvalet 2025 er 8. september. Kommunestyret i Fyresdal har vedteke å ha val også 7. september.
Tidlegrøysting
Veljarar som ynskjer å røyste i perioden 1. juli til 8. august, kan vende seg til kommunen og avtale tid for å røyste. Førespurnaden kan rettast til kva kommune som helst i Noreg.
Førehandsrøysting
Dersom du ynskjer det, kan du røyste på førehand. Førehandsrøystinga startar 11. august.
Du kan førehandsrøyste i den kommunen du sjølv ynskjer. Her finn du alle førehandsrøystingslokala: www.valg.no/valglokaler Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Her vil du også kunne sjå kva for vallokal som ev. ikkje er universelt utforma.
Dersom du førehandsrøyster i ein annan kommune enn der du står oppført i manntalet, må du gjere dette så tidleg at stemma di kan nå fram til riktig kommune innan 9. september.
Her kan du førehandsrøyste alle kvardagar mellom klokka 08.00 og 15.00 frå 11. august til og med 5. september 2025:
Fyresdal Næringshage
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal
Førehandsrøysting for veljarar som bur på Fyresdal pleie- og omsorgssenter er onsdag 3. september mellom klokka 10.00 og 11.00.
Røyste heime?
Viss du på grunn av sjukdom eller uførleik er hindra frå å møte på vallokalet eller førehandsrøystingslokalet, kan du søkje om å få røyste heime eller der du oppheld deg. Det er ikkje nødvendig å søkje viss du oppheld deg på ein institusjon der det blir arrangert førehandsrøysting. I førespurnaden må du oppgje fullt namn, fødselsdato og -år og kva adresse du befinn deg på den siste veka før valet. Du må også oppgje eit telefonnummer som vi kan nå deg på.
Ta kontakt viss du har spørsmål eller ynskjer hjelp til å søkje om å få røyste heime. Frist for å søkje er 4. september klokka 12.00.
Her kan du røyste ved valet
Fyresdal kulturhus:
- Søndag 7. september frå klokka 14.00 til 18.00
- Måndag 8. september frå klokka 09.00 til 19.00
Står du i manntalet?
For å kunne røyste ved haustens val til Stortinget må du stå i manntalet. Du kan undersøke om du står i manntalet i kommunen der du bur når det blir lagt ut til ettersyn.
Dersom du har flytta til ein annan kommune og folkeregisteret ikkje har fått melding om flyttinga innan 30. juni, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta frå. Då kan du anten førehandsrøyste eller du kan røyste på valdagen i kommunen der du står i manntalet.
Manntalet vil bli lagt ut til ettersyn i Fyresdal Næringshage og på Fyresdal bibliotek.
Dersom namnet ditt ikkje står i manntalet, eller du meiner det er andre feil i listene, kan du klage. Klagen skal vere skriftleg og grunngitt. Send klagen til valstyret i kommunen.
Sametingets valmanntal vil også bli lagt ut til ettersyn. Klage på valmanntalet til Sametinget skal sendast til Sametinget.
Sist oppdatert