Tilgjengelegheits-erklæringar
Offentlege verksemder som brukar nettløysingar frå tredjepartar i privat sektor må lage tilgjengeleghetserklæringar for desse. Dette gjeld både om verksemda betalar for løysinga, eller om det er ei gratis løysing som er open for alle.
Brukaren
Tilgjengelegheitserklæringa er fyrst og fremst til for brukaren. Den viser brukaren i kva grad ein nettstad er universelt utforma. Brukaren får informasjon om eventuelle brot på krava, kva utfordringar det fører til og forklaring på kvifor verksemda ikkje følger regelverket.
Verksemda
Tilgjengelegheitserklæringa vil sørge for at verksemda set seg inn i krava og har eit bevisst forhold til om ein følger regelverket eller ikkje. Å få opp status hjelper verksemda å prioritere universell utforming. Via tilbakemeldingsfunksjonen får verksemda tilbakemeldingar frå reelle brukarar om kva problem og utfordringar dei møter. Verksemda skal bruke tilbakemeldingane dei får til å forbetre universell utforming og auke etterlevinga av krava.
Våre tredjepartsløysingar
- Webcruiter Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- eDialog Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Bekymringsmelding til barnevernet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Min kommune Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Elements publikum Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
- Fyresdal kommune Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
