Tilkallingsvikar - reinhald

Ring oss for ein liten prat: Konstituert avdelingsleiar reinhald, Tone Norheim Klausen, på 35 06 71 67 / 90 08 58 44.

Søknad sendast til postmottak@fyresdal.kommune.no.

Skriv nokre ord om deg sjølv og informasjon om kva periode du kunne tenke deg å vere vikar. Vi gler oss til å høyre frå deg!

Tilkallingsvikar - kultur og oppvekst

Vi har jamleg behov for tilkallingsvikarar i sektor for kultur og oppvekst. Vi ynskjer ungdom og vaksne over 18 år som ynskjer å bidra til ein fin kvardag og ein god oppvekst i Fyresdal kommune. Som tilkallingsvikar vil du lære mykje spennande som du kan ta med deg seinare i arbeidslivet. Vi tek omsyn til at du er ny og tilpassar dette i starten!

Avdelingane:

  • I skulen treng vi vikarar til heile dagar, enkelttimar, timar fordela på ei eller fleire klasser, i tidsrommet kl. 08.20–13.55. 
  • I barnehagen er det ulike vakter i løpet av ein dag i tidsrommet kl. 07.00–16.30.
  • SFO har ope måndag, tysdag, torsdag og fredag kl. 07.00–08.10 og kl. 14.00–16.30, og onsdagar kl. 07.00–16.30. 
  • Vaktene på juniorklubben (onsdagar) er kl. 10.30/13.00–20.30. Juniorklubben gjeld for 5. trinn og oppover. Vaktene på fredagsklubben er kl. 14.00–22.30. Fredagsklubben gjeld for 8. trinn og oppover. 
  • Biblioteket har ope tysdagar kl. 10.00–15.30, onsdagar kl. 14.00–20.00, torsdagar kl. 12.00–15.30 og fredagar kl. 10.00–15.30.

I barnehage, SFO og bibliotek vil det også vere behov for vikarar i dei ulike feriane. På ungdomsklubben vil også vere behov for vikarar på turar og andre helgeaktivitetar.

Ta kontakt:

  • Gimle skule: Inspektør Kim Beck-Gundersen – 92 22 65 16
  • Barnehage: Styrar Kathrin Liltved – 97 06 46 81
  • SFO: Lagleiar Torunn Christina Lauvrak – 94 81 85 50
  • Ungdomsklubb og bibliotek: Konst. avdelingsleiar kultur Hilde M. Momrak – 95 27 09 05

Det vil bli stilt krav om politiattest.

Søknad sendast til postmottak@fyresdal.kommune.no.

Skriv nokre ord om deg sjølv og informasjon om kva periode og kva avdeling du kunne tenke deg å vere vikar. Vi gler oss til å høyre frå deg!