Hensikten er å gje eit transporttilbod til sosiale formål for denne gruppa. 

Transportordninga er ei friviljug fylkeskommunal oppgåve og er meint å vere eit supplement til andre ordningar. Den skal ikkje bli brukt til reiser som blir dekt av andre. NAV gjev deg informasjon om andre ordningar, som til dømes helse- og arbeidsreiser.

Du kan søke om å bli brukar av transporttenesten om du har ei varig funksjonshemming. Rullestolbrukarar, blinde og sterkt svaksynte vil bli prioritert.