Det vert gjeve eit årleg tilskot til private vegar med fast busetnad. Tilskotet er kr 5,- pr. m veg. Til frådrag kjem kr 500,- pr. husstand langs vegen.

  • Veglengda vert rekna til seiste fastbuande registrera i folkeregisteret.
  • Minste veglengde er 200 m.
  • Veglengde frå 200 til 300 m, må ikkje ha fleire enn 2 husstandar.
  • Veglengde frå 300 til 400 m, må ikkje ha fleire enn 3 husstandar.
  • Veglengde frå 400 til 500 m, må ikkje ha fleire enn 4 husstandar.
  • Veglengde frå 500 til 1000 m, må ikkje ha fleire enn 6 husstandar.
  • Veglengde over 1 000 m har ikkje krav til talet på husstandar.
  • Den ansvarlege for veganlegget er pliktig til å gje kommunen opplysningar snarast råd om endringar i føresetnadane som vil påverke utrekninga av tilskotet.
  • Ved fleire husstandar langs vegen skal det opprettast eit veglag med eigen bankkonto som tilskotet blir utbetalt til.