Idrettsstipend

Fyresdal kommune gjev kvart år ut eit idrettsstipend på kroner 15 000,-. 

Det er det Hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO-utvalet), som avgjer om stipendet skal delast ut. 

Alle innbyggjarar i Fyresdal har høve til å føreslå kandidatar til idrettsstipendet - frist er 15. april kvart år.

Mottakarar av stipendet:

2021 -
2020 -
2019 Vilde Aamlid, Fyresdal skiskyttarlag og Fyresdal symjegruppe
2018 -
2017 -
2016 Per Hansen Austjord og Even Nordbø
2015 Even Nordbø
2014 Bendik Aketun og Even Nordbø
2013 Even Nordbø
2012 Even Nordbø
2011 Bendik Aketun og Even Nordbø
2010 Bendik Aketun
2009 Bendik Aketun og Eirik Aas Levang
2008 Fyresdal skiskyttarlag
2007 Hege Aketun og Martin Aketun
2006 -
2005 Hege Aketun
2004 -
2003 -
2002 Anna Kvasjord og Christine Momrak
2001 Anna Kvasjord
2000 Eivind Arne Bjaaland, Kala Syvertsen og Ådne Skålid
1999 Fyresdal skiskyttarlag
1998 -
1997 -
1996 -
1995 -
1994 Eivind Arne Bjaaland

Reglar for tildeling av stipendet:

Vedtekne 23.11.2017 av hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg

1. Fyresdal kommune kan yte eit idrettsstipend til ungdom som representerer idrettslag eller idrettsorganisasjon i Fyresdal og som er busett i Fyresdal kommune. Dersom ein utøvar må representere eit lag utafor kommunen av di det ikkje er lag innan den aktuelle idretten i bygda kan vedkommande likevel få idrettsstipendet, dersom utøvaren er busett i Fyresdal. Idrettsstipendet er kvart år på kr. 15.000 (femtentusen). Heile eller delar av summen kan delast ut.

2. Stipendet kan tildelast idrettsutøvar/utøvarar som syner til gode resultat i nasjonale eller internasjonale konkurransar. 

3. Stipendet kan gjevast til lag eller enkeltpersonar frå og med det året dei fyller 16 år til og med året dei fyller 21 år. Stipendet kan delast på fleire utøvarar.

3.1: Stipendet kan og gjevast til eit lag som stimuleringstiltak, på grunn av framifrå arbeid eller god vekst. 

4. Stipendet skal nyttast til vidare utdanning og utvikling innan idretten.

5. Stipendnemnd er hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO).

6. Forslag på kandidatar til stipendet sendast Fyresdal kommune, Klokkarhamaren 6, 3870 Fyresdal eller på e-post til postmottak@fyresdal.kommune.no innan 15. april. Stipendet skal kvart år gjerast kjent gjennom kommuneinformasjonen og på nettsida til Fyresdal kommune.

7. Stipendet skal delast ut 17. mai.

Kontigentkassa

Fyresdal kommune har ei tilskotsordning kalla Kontingentkassa. Ordninga er eit tiltak mot barnefattigdom. Kontigentkasse er for barn og unge i alderen 6 år til dei er ferdige med vidaregåande skule, som kjem frå familiar med låg inntekt.  

Stønaden gjevast til kontingentar, aktiviteter og utstyr til enkeltpersonar slik at barn og unge i familiar med låg inntekt kan delta på organiserte fritidsaktivitetar.

Søknadar handsamast etter kvart som dei kjem inn (ingen søknadsfrist) og midlane delast ut til kassa er tom. 

Krav til søkjar og søknaden:

Det er bare laget/organisasjonen (idrettslaget, korpset, koret, lokallaget etc.) som kan sende søknaden til kommunen etter vurdering av behov for søknad. Ressurspersonar som arbeider i kommunen, til dømes helsesjukepleiar, miljøterapeut, barnevernstenesta m.m. kan også søkje. Barnet eller familien kan ikkje sjølv søkje.

Den som søkjer har ansvar for å fylgje opp at barnet/ungdomen deltar i aktiviteten det er søkt stønad til. Det betyr at den som søkjer skal hjelpe barnet til å hugse på/kome seg til aktiviteten i starten, ikkje at den vaksne må fylgje barnet på alle aktivitetane. Oppfylginga kan og vere å sjekke at kontingenten er betalt eller liknande. 

Det er den som søkjer som må vurdere om familien er i ein slik situasjon at eit bidrag frå kontingentkassa vil vere avgjerande for om barnet kan delta på ein aktivitet eller ikkje. (Kontingentkassa er ikkje meint å vere eit handslag til lag og organisasjonar som har trøbbel med å inndrive kontingent). Det er barnet sitt eller familien sin situasjon som er avgjerande. 

Ver nøye med å fylle ut heile søknadsskjemaet, og hugs å leggje ved eventuelle fakturaer, kvitteringer eller liknande, dersom det er mogleg.

Søknadsskjema

Kulturmidlar

Det blir årleg sett av midlar i kommunen sitt budsjett, med føremål om å støtte lokalt kulturliv. Det er tre forskjellige tiltak:

  • Driftstilskot til lag og organisasjonar – årleg tildeling av kulturmidlar etter søknad. Lag og foreiningar kan søkje om midlar til drift og prosjekt,  tiltak for barn og ungdom blir prioritert. Søknadsfrist er 15. mars.
  • Tilskot til særskilde tiltak – kan søkjast om gjennom heile året.
  • Faste tilskot (faste årlege tildelingar).

Retningslinjer for tildeling av kulturmidlar:

Vedtekne 23.11.2017 av hovudutvalet for oppvekst, kultur og omsorg.

1. Generelle reglar

1.1. Desse tilskotsordningane skal dekkje Fyresdal kommune sine samla ansvarsområde innan kulturfeltet.

1.2. Det vert ikkje gjeve tilskot til organisasjonar/lag eller tiltak som primært ivaretek økonomiske interesser.

1.3. Løypelag som allereie får tilskot til oppkøyring av løyper frå kommunen får ikkje tilskot frå kulturmidlane, med mindre laget er organisert som eit idrettslag.

1.4. Tilskot til organisasjonar/lag vert berre utbetalt til registrerte bankkonto.

2. Driftstilskot til lag og organisasjonar – årleg tildeling av kulturmidlar etter søknad

2.1. Driftstilskot kan berre gjevast til organisasjonar/lag som fyller fylgjande vilkår:

a) Lag/organisasjonar og tiltak det vert søkt tilskot til, må ha direkte tilknyting til Fyresdal kommune eller ha medlemer frå Fyresdal, eller gje eit tilbod som ikkje finst i kommunen. 

b) Organisasjonen må ha ope medlemskap.

2.2. Driftstilskotet er meint som eit bidrag til organisasjonen/laget si daglege verksemd som omfattar fylgjande:

a) Husleige, straum, grunnleige, reparasjonar.

b) Drift og vedlikehald av anlegg.

c) Innkjøp og vedlikehald av utstyr.

2.3. Drift av organisasjonsarbeid:

a) Trening, instruksjon ( opplæring av eigne medlemer, kurs osv.).

b) Deltaking i stemne og konkurranse, NM og landsstemne.

c) Mindre arrangement og aktivitetar

2.4. Tilskot til grendelag og grendehus går etter same prinsipp som pkt. 2.1. og 2.2.

2.5. Søknaden skal sendast elektronisk eller på papir, som er tilgjengeleg:

  • På heimesida til kommunen.
  • I kommuneinformasjonen.
  • Kan hentast på kulturavdelinga/sentralbordet.

2.6 Krav til søknaden:

Søknaden skal innehalde: 

  • Utfylt søknadsskjema med søknadssum.
  • Revidert rekneskap frå førre år.
  • Budsjett for søknadsåret.
  • Årsmelding.
  • Målsettingar og handlingsplan.

Søknadsfrist 15. mars kvart år.

2.7 Tiltak for born og unge skal bli prioritert.

2.8 Ved tildelinga vil talet på medlemer under 19 år blir prioritert.

2.9 Søknadane må vere levert innan 15. mars, og ha med alle vedlegg for å bli handsama.

2.10 Handsama søknadar blir lagt fram for utvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO) i mai kvart år.

3. Tilskot til særskilte oppgåver og tiltak

3.1. Tilskot kan gjevast til stimulering av andre oppgåver og tiltak som gagnar det lokale kulturarbeidet i Fyresdal kommune, årleg ramme pr. 2017 er kr. 40.000,-.

3.2. Søknaden skal sendast i eige brev, og kan sendast heile året.

3.3. Søknaden må innehalde utgreiing om tiltaket, kostnadsoverslag og finansieringsplan.

3.4 Søknadar under kr. 10.000,- vert handsama administrativt på avdeling for kultur, og referert i utvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO). Søknadar over kr. 10.000,- vert handsama i utvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO), jfr. delegeringsreglementet.

4. Faste tilskot

Andre faste tilskot blir kvar år handsama slik:

  • Vest-Telemark Museum, konsolideringsavtale, betalast ut etter avtale.
  • Idrettsstipend, vedtatt av utvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO) , delast ut 17. mai.
  • Kulturprisen, vedtatt av utvalet for oppvekst, kultur og omsorg (OKO), delast ut 17. mai.
  • Tilskot til 17. mai-komiteen, betalast ut etter avtale.
  • Tilskot til Fyresdal Skiskyttarlag for oppkøyring av løyper på Skiskytterarenaen på Veum, jfr. K-sak 9/15.

5. Tillegg som del av kriteriegrunnlaget for kommunale tilskot til idrettslaga

1. Søknader om å få dekt kostnader som idrettslaga eller dei enkelte utøvarane har til treningssamlingar, konkuransedagar, reiser, kursdagar og liknande, vil kommunen ikkje take opp som einskildsaker. Tildeling av kulturmidlar kvart år vert eit generelt tilskot som klubbane disponerer, også til slike aktivitetar.

2. Berre i heilt spesielle tilfelle – t.d. når ein utøvar har teke medalje i eit Norgesmeisterskap – vil det bli vurdert å yte særskild oppmuntring.

Kulturpris

Fyresdal kommune gjev kvart år ut ein kulturpris på kroner 10 000,- i tillegg til ein diplom laga av ein kunstnar frå Fyresdal. 

Det er hovudutvalet for kultur, oppvekst og omsorg som tek avgjerdsla om kulturprisen skal delast ut. 

Alle innbyggjarar i Fyresdal har høve til å føreslå kandidatar til kulturprisen, frist er 15. april kvart år.

Mottakarar av prisen:

2021 Ragnhild Berge
2020 Moland Vel
2019 Olav Momrak-Haugan
2018 -
2017 Arne Dag Lassemo
2016 Olav Inge Nordbø
2015 Tone Klausen
2014 Fyresdal Bygdekvinnelag
2013 Olav J. Landvik
2012 Lars Veum
2011 Gunnar Kvasjord
2010 Janne S. Fjellheim og Åsmund F. Kvipt
2009 Gunhild Momrak
2008 Kristine Berthelsen og Peter Gruszewski
2007 Aslak Snarteland
2006 Sugar Plum Fairies
2005 Magnhild Lauvdal
2004 Signy Landvik
2003 Annveig Johre og Oddmund Erikstad
2002 Ågot T. Nesland
2001 Trygve Jarle Nedrebø
2000 Gunhild og Kjell Bjaaland
1999 Olav og Ånund Breiland
1998 Øyvind Klausen
1997 Astrid S Ormtveit
1996 Borghild Bringa
1995 Fyresdal Sogelag
1994 Bjørgulf Jansen Graver
1993 Sanitetskvinnene
1992 Fyresdal amatørteater
1991 Fyresdal Skulekorps
1990 -
1989 Leif og Signe Sølyst, Ingeborg og Sigmund Tovslid
1988 Tordis Breivik
1987 -
1986 Georg Vik
1985 Olav K Momrak
1984 Knut Bjaadal
1983 Olav Lie Berge
1982 Signe Tveiten
1981 Kjell Audun Ålandsli
1980 Fyresdal Spelemannslag
1979 Hersleb Røhnegård, Johan Bergve
1978 Anne Vik
1977 Gunhild Breivik

Reglar for tildeling av prisen:

Revidert 06.01.2016 av utvalet for oppvekst, kultur og omsorg.

1. Kulturprisen til Fyresdal kommune kan tildelast personar, lag eller verksemder som på ein særleg måte har utmerka seg innan kulturlivet i Fyresdal. Vedkommande treng ikkje vere busett innan kommunen.

2. Prisen kan gjevast til eldre som ein ærespris – og eller til unge – som ei oppmuntring.

3. Prisen kan haldast tilbake eit år dersom ein ikkje finn verdige kandidatar. Prisen kan og delast dersom ein finn to likeverdige kandidatar same år.

4. Den årlege prisen skal vera ein gåvesjekk på kr. 10 000,- pluss eit innramma diplom, teikna av ein bygdekunstnar frå Fyresdal.

5. Hovudutval for oppvekst, kultur og omsorg (OKO) skal finne fram til kandidaten og bestemme kven som skal ha prisen. Utvalet sin avgjerd er endeleg.

Spelemidlar

Spelemidlar til kva og kor mykje?

Kva kan det søkjast om spelemidlar til?

  • Ordinære idrettsanlegg: Anlegg for organisert idrett som ein kan ha treningstid og arrangement.
  • Nærmiljøanlegg: Anlegg eller område for eigenorganisert aktivitet gjerne knytt til skule, bu - eller opphaldsområde. Anlegget skal være opent for alle, det kan ikkje beleggast med treningstid. Kun utandørsanlegg. 
  • Mindre kostnadskrevjande nærmiljøanlegg. 
  • Anlegg for friluftsliv i fjellet (DNT). 

Kor mykje kan ein søkje om?

  • Ordinære anlegg (faste tidsfristar – politisk avgjersle): Idrett: 1/3 av godkjent kostnad inntil kr. 700 000,-. Tilskotsbeløpet må være større enn 75 000,-. For enkelte type anlegg er det fastsett særskilte maksimale tilskotsbeløp. (F.eks. kunstgrasbanar 2,5 mill. kr, fleirbrukshallar 7 mill. kr). Friluftsliv: 50% av godkjent kostnad inntil kr. 700 000,-. 
  • Nærmiljøanlegg (faste tidsfristar – politisk avgjersle): 50 % av godkjent kostnad, maksimalt tilskotsbeløp er kr. 200 000,-. Tilskotsbeløpet må være større enn kr. 40 000,-. Det kan søkes om spelemidlar i inntil tre omgangar (tre byggetrinn), maksimalt kr. 600 000,-.