1. Den generelle momskompensasjonsordninga

2. Koronaordning for arrangement og aktivitet

Lottstift

1. Momskompensasjonsordninga:
Vi ynskjer å nå fleire med ordninga! Erfaring frå tidlegare år viser at det finst lag og organisasjonar som ikkje søker om momskompensasjon. Dette kan vere lokale eller regionale ledd under sentrale frivillige organisasjonar som for eksempel Norges Idrettsforbund (NIF), 4H Norge, Norges Musikkorpsforbund, Norges Røde Kors og Norges Jeger- og Fiskeforbund. MERK: Slike såkalla underledd må sende inn søknad gjennom sentralleddet sitt. Det er også ein del enkeltståande lag og organisasjonar som ikkje søker, for eksempel organisasjonar som driv frivillig arbeid innanfor innvandrargrupper og andre lokale foreiningar. 
 
Minstegrenser
For enkeltståande søkarar er det minstegrenser. Etter den forenkla søknadsmodellen er minstegrensa kr 100 000,- i søknadsgrunnlag (søknadsgrunnlag = driftskostnader minus eventuelle avgrensing og frådrag). 
Etter dokumentert søknadsmodell er minstegrensa kr 7 000,- i meirverdikostnader som det kan søkast kompensasjon for. 
 
Søknadsfristen er 1. september 2021. 
 
MERK: Sentralledd har eigne fristar for rapportering frå underledda sine. Sjå den aktuelle organisasjonen sine nettsider, eller ta kontakt med sentralleddet for nærare informasjon.
Alle mottakarar av momskompensasjon må vere registrert i Frivilligregisteret innan 1. september 2021. Dette gjeld og dei som søker via sitt sentralledd. Hugs at registrering kan ta litt tid. 
 
Meir informasjon
 
2. Ny koronaordning for frivillige lag og organisasjonar:
Frivillige lag og organisasjonar kan no søke om tilskot i samband med arrangement og aktivitetar som er påverka av covid-19-pandemien. Formålet med ordninga er å stimulere til gjennomføring av arrangement/aktivitet, men den gjeld også dersom ein må avlyse på grunn av restriksjonar eller råd frå myndigheitene i samband med covid-19. 
Denne ordninga gjeld for perioden 1. januar til 31. august 2021. Søkarar må vere registrerte i Frivilligregisteret.  
 
Kva kan det søkast om?  
Støtte til meirkostnader på grunn av smitteverntilpassingar eller i samband med utvikling/tilpassing av aktivitetar. Dette kan for eksempel vere innkjøp av smittevernutstyr, kostnader til leige av større lokale, digitalisering av eksisterande tilbod eller nye aktivitetar som digitale møteplasser.  
Støtte til mindreinntekter frå avlyste eller delvis gjennomførte arrangement. Dette kan for eksempel vere tapte billettinntekter, parkeringsinntekter, inntekter frå loppemarked eller kioskinntekter.  
Mindreinntekter frå anna spesifisert aktivitet avgrensa til publikumsinntekter og utleigeinntekter. Dette kan for eksempel vere museum, akvarium, kinoar eller idrettsanlegg. Utleigeinntekter kan vere utleige av bygningar, anlegg, hytter, fartøy eller andre rom og lokale.    
 
Søknadsfristen er 15. september 2021.
 
Meir informasjon
 
Spørsmål?
Ta kontakt på covid@lottstift.no eller 57 82 80 00.