Fyresdal Turlag organiserer tur kvar tysdag så godt som heile året, med fast oppmøte på bankplassen kl. 17.00. Informasjon om kva turar dei arrangerer denne månaden finn du på Facebook (søk opp Fyresdal Turlag - offentleg gruppe) og i kommuneinformasjonen.

--- --- ---

Til alle tider har nordmenn gått på ski, også i Fyresdal. I "gamle dagar" laga vi eigne låmer, og jorda på gardane var som regel som eit korstingsbroderi av skiløyper. Tidene endrar seg og preparerte løyper er meir eller mindre blitt eit krav i tida. 

Her kan vi presentere 5 skiløyper godt spreidd frå sør til nord. Løypene har ulik vanskegrad og tek oss med frå dalbotnen og opp til snaufjellet. Løypene blir køyrde kvar helg i vinterhalvåret med atterhald om vêr og snotilhøve. 

Kom deg opp av godstolen, spenn på deg skia og nyt den vakre og flotte naturen vi har i Fyresdal! 

--- --- ---

God tur!