Lagring av rundballar langs vegen kan medføre trafikkfare, dette særleg med tanke på at det samlar seg vilt for å ete på rundballane.

Det er både byggegrensa og vegens sikkerheitssone som reguelerer dette. Byggegrensa blir regulert av vegloven, og er 50 meter på riks- og fylkesveg. I tillegg til reglane i vegloven om byggegrenser, blir det også operert med sikkerheitssone. Denne blir berekna ut ifrå trafikkmengde (årsdøgntrafikk) og fartsgrense. Den blir målt frå vegkanten. Innanfor sikkerheitssona må det under ingen omstende lagrast utstyr som kan vere trafikkfarleg. Innanfor vegens byggegrense må det ikkje lagrast utstyr utan at Statens vegvesen på førehand har gjeve løyve til dette.

Slik bereknar ein vegens sikkerheitssone

Viktig å hugse på:

  • Rundballar skal ikkje lagrast på ein slik måte at dei hindrar sikt.
  • Alt opplag av rundball innanfor byggegrensa, som varierer frå 15 til 50 meter, er i fylgje veglovens § 30 søknadspliktig. I siktsonene i kryss og avkøyrslar er dette kravet absolutt.
  • Bruk av rundball som «reklamevegg» er ikkje tillatt. Veglovens § 33 seier at all reklame langs offentleg veg er søknadspliktig. Det gjeld også aksjonar, slagord, sal av diverse produkt osv.

Her kan du lese eit eige skriv frå Statens vegvesen om "Lagring av rundballer langs veg - ved riks- og fylkesveg"