Tysdagsgruppa

Tysdagar kl. 13.15 på fysioterapiavdelinga: Styrke, stabilitet, balanse og kondisjon. 45 minutt trening leia av fysioterapeut. Ope for alle. Dette er ein livleg gjeng med godt humør og vi har plass til fleire. Fint med påmelding på sms til 952 17 971, men det går an å bare møte opp også. Kom og bli med!

Herretrim

Vi har fått ein del påmeldinger og startar dermed ei gruppe måndagar kl. 13.15 for menn: Styrke, stabilitet, balanse og kondisjon. 45 minutt trening leia av fysioterapeut. Oppstart etter vinterferien. Open for alle herrer med tid og anledning til å trene på dagtid. Håpar å trene ute i Hamaren til våren. Det er plass til fleire. Påmelding til 952 17 971.

Barsel-/gravid-trening

Kvar tysdag kl. 12 på fysioterapiavdelinga. 45 minutt trening leia av fysioterapeut. Hyggeleg aktivitet for mor & barn og for den gravide. Individuell tilpassing. Fokus på kjernemuskulatur og bekkenbunn, men også styrke, stabilitet og balanse. Påmelding til 952 21 971. Individuell vurdering i forkant.

Bevegelsesgruppe med fokus på avspenning og sirkulasjon

Gruppetime med fokus på avspenning og psykomotoriske prinsipp leia av fysioterapeut. Måndagar kl. 12 på Fysioterapiavdelinga. Påmelding til 952 17 971 (helst på sms). Det er ein egenandel på denne gruppa. 

Velkommen på trening!

Ta kontakt om det er noko du lurar på.

Helsing Karethe & Bente