Nytt tiltak i Fyresdal med oppstart 01.06.2021!

Kvar laurdag heile året, avgang kl. 02.00 natt til søndag.

Påmelding innan kl. 23.30 laurdag kveld.

Taxi bestillast på telefon eller SMS til Fyresdal Taxi på 953 03 500.

Retningsliner i prøveordningsperioden

Trygt heim for en 50-lapp er eit tilbod frå Fyresdal kommune til ungdom frå 16 år, til og med det året dei fyller 25 år.

  • Tilbodet gjeld heimkøyring frå fest/arrangement.
  • Transporten går alle laurdagar gjennom året, kl. 02.00.
  • Ordninga gjeld bare køyring heim, og innafor kommunegrensa.
  • Ungdomen skal køyrast heilt heim, uansett kor mange som er med i bilen.
  • Passasjerar og drosjene skal ta sikte på best mogleg koordinering, og maksimal utnytting av drosjeturen. Dette gjeld både koordinering av bustadadresser og avreisetidspunkt. Det vil sei at drosjene kan endre avreisetidspunkt for best mogleg utnytting av kapasitet, og bestiller vil få beskjed om dette.
  • Dersom total eigedel er meir enn pris på taksameter, betalast taksameterpris.
  • Tilbodet er i utgangspunktet berre for målgruppa, men dersom det er ledig plass, kan andre sitte på og betale ordinær pris.
  • Taxi bestillast på telefon eller SMS til Fyresdal Taxi på 953 03 500 innan kl. 23.30 same kveld/natt.