Kan du synge, spele, danse, turne, måle, teikne, lage fotokunst, lage film, strikke, hekle, skrive eller lese dikt, designe klede, lage smykke, spele teater, trylle, vere stand-up-komikar, lage keramikk, eller trikse? Sett i gang, øv, og meld deg på!

På grunn av corona kan vi ikkje arrangere UKM på vanleg vis i år, men vi vil gjerne få til noko anna!

Påmeldte sceneinnslag vil få innslaget sitt skikkeleg innspelt og filma, kunsten vil bli fotgrafert. Videoar må leverast på minnepenn. Resultatet vil bli ein film med mange forskjellige innslag.  Dommarar vil vurdere innslaga og eventuelt sende vidare. Det vil ikkje bli vanleg fylkesfestival denne våren, så kva ein vidaresender til, veit vi ikkje heilt enno.

Du som er elev i kulturskulen, kan ta kontakt med din lærar og få oppmuntring og råd. Du som ikkje er i kulturskulen, kan kontakte Merethe Reinskås eller Hilde Martini Momrak .

Alle må melde seg på via www.ukm.no – sida er open for påmelding!

Innspelinga vil bli laurdag 17.04.2021 på dagtid, og påmeldingsfrist er 14.03.2021.

Alle ungdommar under 20 år kan deltake på UKM (frå og med 5. klasse). Blir du vald ut til å representere fylket ditt på UKM-Festivalen må du være mellom 13 og 20 år. Er du er med i ei gruppe, må halvparten av gruppa vere mellom 13 og 20 år.

For spørsmål, kontakt Merethe Reinskås eller Hilde Martini Momrak.

Håpar mange melder seg på! Dette blir kjempemoro! Lykke til!

Ung kultur møtes