Fiskeguide, fiskesoner og lange jakttradisjonar

For å gje nettopp deg den ultimate opplevinga har vi laga ein fiskeguide for kommunen. For å kunne drive ei aktiv fiskeforvaltning vert det selt fiskekort til inntekt til Fyresdal Fiskefond. Fyresdal er delt inn i 5 fiskesoner, der ein kan kaupe kort for kvar sone, eller for heile kommunen under eitt.

Jakt har lange tradisjonar i Fyresdal, og hausten er for mange den verkelege "høgtida" i året. All grunn i kommunen er i dag i privat eige, med andre ord har vi ikkje statsgrunn, allmenningar eller liknande eigedomsform i Fyresdal. Dette gjer at all forvaltning og jakt er grunneigarstyrt, og eventuell utleige av jakt blir gjort av grunneigar åleine. I Fyresdal kan ein jakte på alle tradisjonelle viltartar som elg, rein, hjort, rådyr, hare, bever, skogsfugl og rype. Jakttidene for dei ulike artane finn du i informasjon om jakt og jakttider.

Beverforvaltning

Fyresdal har mange aktive beverkoloniar spreidd over heile kommunen, desse finn ein like gjerne høgt til fjells som nede i sjølve Fyresvatn. Det vert kvart år hausta om lag 15 beverar i kommunen, dei fleste av desse vert skutt, medan nokre få vert fanga i felle.

Beverforvaltninga er heimla i eiga forskrift; FOR-2018-12-13-2258 Forskrift om tilgang til jakt og fangst av bever, Fyresdal kommune, Telemark. Forskrifta opnar for kvotefri jakt og fangst i heile kommunen, men det er rapporteringsplikt for felte dyr, dette for å kunne halde ein oversikt over uttaket av bever i kommunen. Det er viktig å merke seg at det stillast krav til anslagsenergi for rifle som skal brukast under beverjakt (980 joule/100 kgm på 100 m). For jakt etter bever med hagle er det ikkje tillete å bruke større hagl enn norsk nr. 2 (3,5 mm) og minimum 100 hagl i patronen.

Ved bruk av felle til fangst av bever er det kun lov å bruk felle av type Conniebear 330 eller Northwood nr. 300. Fellene skal alltid stå under vatn, ana er forbode av omsyn til andre dyr som måtte ferdast langs vassdraget. Fellene skal i tillegg merkast tydeleg med brukarens namn og adresse.

Jakttida for bever er 01.10.-30.04. Kommunen har i tillegg høve til å utvide jakta 15 dagar i etterkant der sno- og istilhøve gjer jakt vanskeleg innanfor ordinær jakttid. Det er også høve til å søkje om felling av skadedyr utanom jaktsesong, om beveren til dømes demmer opp grøfter/kanalar, tettar stikkrenner eller har lagt sin elsk på allèen din. Tak kontakt med kommunen om du treng hjelp for å løyse slike problem.

Elgforvaltning

Elgforvaltninga i Fyresdal er organisera i 9 storvald jamt fordela over kommunen. Kvart storvald består av fleire jaktlag, som igjen er organisera av ein eller fleire grunneigarar. Storvalda utarbeider ein driftsplan for forvaltninga i sitt storvald med kvotestorleik, avskjotingsplan og forslag til tiltak for å nå målsettinga i planen. 

Som eit verktøy i forvaltninga samlast det kvart år inn tenner frå samtlege skutte elgar i kommunen. Dette gir oss unik informasjon om stammestorleik, kondisjon m.m.

Saman med ei analyse av "Sett-elg"-skjema vert data frå tannanalysa framstilt i ein årleg rapport - "Bestandvurdering av elg og hjort i Telemark". Rapporten er utgitt av Faun Naturforvaltning AS og omhandlar status i stamma i dag, utviklingstrender, og gir anbefalingar for vidare forvaltning.

All informasjon frå elgjakta leggast inn i Hjorteviltregisteret, som er eit nasjonalt register for viltforvaltninga i Noreg. Her kan du enkelt gå inn å sjå på data frå elgjakta, og samanlikne utviklingstrekk frå år til år.

Alle jaktlag skal ha tilgang til godkjent ettersøkshund, og kunne dokumentere dette i eiga ettersøksavtale. Oversikt over godkjente hundar i kommunen finn du på Norsk Kennel Klub.

Jakttid for elg i Fyresdal er 25.09.-23.12. Enkelte storvald har innført pause i jakta i byrjinga av oktober - tak kontakt med dykkar storvaldsleiar for nærare informasjon.

Jaktresultat frå 2022 

Ettersøksavtale
Sett elg-skjema

Hjorteforvaltning

Forvaltning av hjort har til no hatt ein tilfeldig karakter i Fyresdal. Kvart elg-vald har fått tildela ei kvote "frie dyr", og laga innan valdet har skote dyr ved høve. Ein ser no ei stor auke i stamma dei seinare åra, og det jobbast no med å få også hjortejakta inn i meir organisera former.

Jakttid for hjort i Fyresdal er 01.09-23.12. For gjennomføring av hjortejakt gjeld ulike reglar i ulike storvald, tak difor kontakt med ditt jaktlag/storvald får å verte oppdatert på reglane i ditt jaktområde.

Sett hjort-skjema
Hjorten i Vestfold og Telemark – eit kunnskapsgrunnlag for vidare forvaltning - FAUN RAPPORT R011 2020

 

Rådyrforvaltning

Minstearealet for tildeling av rådyrløyve i Fyresdal er i dag 1 000 daa/dyr. Alle som eig eller disponerer slikt areal kan søkje Fyresdal kommune om fellingsløyve.

Disponerer ein minimum 10 000 daa åleine eller i eit lag, kan ein søkje om "kvotefri jakt" på rådyr. Søknadskjema finn du nedanfor. Kvotefri jakt gir laget moglegheit til sjølve å forvalte rådyrstamma i område, utan tildeling frå kommunen. Laget tildelar då kvote til rettighetshavarane i laget, og tek i mot rapportering ved jaktslutt.

Det er eit krav at alle som skal jakte rådyr skal ha tilgang på godkjent ettersøkshund. Kravet er likt som for elg og hjort, og kan ikkje fråvikast. Då jakt på rådyr ofte føregår i nærleiken av veg og bebyggelse, bør ein være særskild nøye med gjennomføring av ettersøk, og på denne måten sikre ei rask og human avliving om uhellet skulle være ute. 

Det er viktig å merke at alle pliktar å rapportere årets felling innan 10 dg etter jaktslutt, også dei som har godkjent areal for kvotefri jakt.

Ettersøksavtale
Søknad om godkjenning av vald

 

Rovviltforvaltning

Fyresdal kommune er underlagt rovviltregion 2, som omfattar Vestfold, Buskerud, Telemark og Aust-Agder. Rovviltnemnda er oppnevnt av Miljøverndepartementet blant representantar i Fylkestinga.

På Rovviltportalen finn du informasjon om dei fem store rovdyra gaupe, jerv, bjørn, ulv og kongeørn. Informasjonen er inndela etter temaene fakta om rovvilt, forvaltning, forsking og konfliktar. På portalen finn du og alle vedtak som fattast i rovviltregionen vår, slik som kvotevedtak for gaupe, lisensfellingar m.m.

Rovviltnemnda har utarbeida eigen forvaltnigsplan for regionen. Planen tek fører seg kvart av dei store rovdyra, med omsyn på konflikt, forvaltning og straks-tiltak.

Statens naturoppsyn (SNO) har ansvar for dokumentasjon av rovviltskade på bufe. SNO har også ansvar for dokumentasjon av observasjonar og spor av bjørn, ulv, jerv og gaupe, i tillegg til bestandsregistrering av jerv.

Gaupejakt med bås

Jegerar som skal nytte bås til fangst av gaupe under årets kvotejakt må søkje snarest mogleg om godkjenning av båsen.

Søknaden må sendast til Fylkesmannen innen jaktstart som er 1. februar. I søknaden må det framkome opplysningar om båsens konstruksjon (bildedokumentasjon), plassering (UTM-kartreferanse tatt med GPS) og tilsynshyppigheit. Det kan og søkjast om bruk av bås undervegs i jakta om den som ynskjer å nytte bås ikkje har fått ferdig båsen, eller av andre grunnar ikkje kan søkje innan jaktstart. Fylkesmannen kan i slike tilfelle gi munneleg godkjenning under føresetnad av at det skal brukast bås som er godkjent og dette kan dokumenterast.

Vedlagt ligg utdrag frå forskrift om av kva som er kravet til bruk av bås under kvotejakt på gaupe, samt instruks for godkjenning av bås til gaupe og jerv. Jegerar som skal nytte slik fangstreiskap plikter å setje seg inn i kva for reglar som gjeld for bruk av bås.

Forvaltningsplan for rovvilt i region 2 - Sør-Norge
Reglar for bruk av bås til fangst av gaupe
Rovviltportalen - Miljødirektoratet

 

Villreinforvaltning

I Fyresdal har vi to villreinområde, Våmur-Roan og Setesdal Austhei. Forvaltninga er organisera gjennom ei felles villreinnemnd, Villreinnemnda for Setesdalsheiene, som består av politisk valgte personar frå dei kommunane som har areal innanfor området.

Villreinnemnda gjer kvotevedtak, godkjenner forvaltningsplanar, er høyringsinnstans for arealinngrep m.m. Sekretariatet for villreinnemnda er lagt til Suldal kommune v/sekretær Jarle Lunde. Kontaktadresse er Villreinnemnda for Setesdalsområdet, Sandsvegen 122, 4230 Sand. Telefon 52 79 24 35 / 404 18 967 og e-post jarle.lunde@suldal.kommune.no.

Kvart av villreinområda har i tillegg eit eige organ – villreinlag, som driv den praktiske forvaltninga av området. 

Våmur-Roan Villreinområde

  • Areal: 375 km2.
  • Mål vinterstamme: 200 dyr.
  • Ca. vinterstamme: 175 dyr.
  • Leiar: Inge Audun Dahle, tlf. 950 29 662.

Dagens villrein i området stammar frå Setesdal Austhei villreinområde, og genetisk har den sitt opphav i tamreindrift som hald på der fram til 1977. I nyare tid er mindre reinsflokkar observert og dokumentert i Våmur-Roan frå 1974, men hovudinnvandringa skjedde fyrst 10 år seinare. Dyra etablera seg fyrst i de søndre deler, men spreidde seg etter kvart nordover, der hovuddelen av dyra har halde seg dei seinare åra. Forsøksjakt vart gjennomført i 1992, og året etter vart ordinær jakt innført.

Gjennom hyppige teljingar dei seinare åra meiner ein å ha god kunnskap om stamma, og ein meiner å vere nær målsettinga om strukturen i stamma. Målet er å ha 20 % kalv, 45 % simler, 20 % bukk 1,5-2,5 år og minst 15 % bukk eldre enn 3,5 år etter jakt. Dei siste åra er det gitt fellingsløyve på totalt 55 dyr, medan det i 2023 kun vart gitt kvote på 19 dyr. Reduksjon i kvota er gjort med bakgrunn i sterk nedgang i stamma dei seiste åra. I 2023 vart det kun felt 9 dyr av ei kvote på 19. Slaktevektene i Våmur-Roan held seg på eit relativt høgt nivå.

Har du spørsmål om villreinjakta i Våmur-Roan? Tak kontakt med skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan eller formann Inge Audun Dahle.

Setesdal Austhei Villreinområde

Leiar: Svein Ekre, Grungedal, 3895 Edland.
Sekretær: Thorleiv Homme, 4747 Valle.

Setesdal Austhei vart definera som villreinområde i 1980 - og åpna for villreinjakt i 1981. Inntil 1979 var det tamreindrift i området.

Setesdal Austhei er prega av meir innlandsklima en t.d. Setesdal Vesthei/ Ryfylke. Området er delt i to av Rv45 Rotemo-Dalen, og heiane omtalast som Nord- og Sørområdet. Nordområdet pregast av mange fjellvidder og dekkjer ca 770 kvadratkilometer, medan Sørområdet er meir skogsprega, og dekkjer ca 1.600 kvadratkilometer. Størsteparten av bestanden på Austheia har sine vinterbeite i nordområdet, og kalvingsområde og sumarbeite i sørområde. Dyra kryssar Rv45 på trekk mellom nord- og sørområde på tross av utstrakt veg- og hyttebygging ved mellom ana ved Store Bjørnevatn.

Villreinområdet berører sju kommunar i to fylker: Bykle, Valle, Åmli og Bygland i Aust-Agder og Tokke, Fyresdal og Vinje i Telemark.

Jakttida for villrein er 20.08-30.09.

Bestandsplan for Våmur-Roan villreinområde 2021-2025
Bestandsplan for Setesdal Austhei villreinområde 2019-2023
Setesdal Austhei villreinområde - villrein.no
Våmur-Roan villreinområde - villrein.no
Villrein.no