Ved Sauholtdalen/Kvilen er det sett opp ny fin gapahuk med bålpanne. Stopp gjerne der og grille ei pølse eller to. Det oppfordrast også til å skrive seg inn i bøkene i postkassene på Maurdalsrista, Grøne Nuten og Sauholtdalen/Kvilen for å vere med i trekning av premiar. Det ligg karamellar for store og små i postkassene ;) 

Våmur Løypelag krev ikkje inn parkeringsavgift, men oppfordrar til å støtte løypelaget sitt arbeid med løypekjøring og utgifter til brøyting – VIPPS # 510622.

Sjå Våmur Løypelag på Facebook for meir informasjon.

Korleis kjem eg dit? 

Fylg riksveg 355 ca. 20 km frå Fyresdal sentrum, retning sør. Det er etablert ny stor parkeringsplass på nordsida av Fyresdalsvegen ved Vikåne/Våmur hyttefelt. Her er det god plass for dagsturistar og skiløypa startar umiddelbart frå parkeringsplassen. Sjekk ut informasjonstavla som er sett opp ved starten av løypa. Her finn du kart, avstandar og annan info.

Kort rundløype 

Løypelaget har fått opparbeidd ei rundløype som bind dei ulike hyttefelta saman. Dette er ein brei trase som gjev plass til tradisjonelle skispor og rom for skøyting. Løypa er ca. 2,6 km når du går frå riksvegen og tilbake. 

Rundløype om Fisketjønn - Sandvatn - Sauholtdalen/Kvilen

Denne løypa fylgjer den utbetra traseen opp lia frå Øvre Stuvestøylfeltet til Fisketjønn og vidare rundt Sandvatn. Nedtur via Sauholtdalen/Kvilen der det er moglegheit for ein pust i bakken i gapahuken som ligg rett ved løypa. Løypa er 10,4 km og kan også gåast i motsatt retning derrsom ein føretrekk litt slakare utforkøyring ned igjen.

Grøne Nuten

Fylg kort rundløype til Stuvestøyl og fortsett opp lia via Sauholtdalen/Kvilen til Sandvatn. Ta til høgre og vidare via Homsli og Urvatn til Austre Gråndalen. Fylg løypa rett fram og ut til Grøne Nuten. Her treff ein på oppkøyrde skiløyper frå Fjone/Nissedal og det går gjerne spor vidare mot Jamndokk. Herfrå er det ikkje langt opp til Kronfjell, men då må ein nok tråkke løypa sjølv. Løypa til Grøne Nuten tur/retur er 14,8 km.

Maurdalsrista

Fylg same rute som til Grøne Nuten, men ta til høgre i krysset ved Homsli. Fylg løypa sørover opp til Maudalsrista. Vidare fylgjer ein rista nord/østover til Austre Gråndalen. Ta til venstre og gå vestover via Urvatn og Homsli til Sandvatn. Ta nordover mot Sandvassheia, over Sandvatn og ned til Fisketjønn. Fylg skrålia ned til Stuvestøyl og vidare ut til parkeringsplassen. Løypa til Maurdalsrista med retur via Fisketjønn er 16,9 km.

Urvatn – T-tjønn

Fylg same rute som til Grøne Nuten og ta til venstre ved Urvatn. Fylg løypa østover over Urvatn, opp lia og over T-tjønn, og vidare bort til Sandvatn. Ta til høgre over Sandvatn og vidare ned til Fisketjønn. Fylg skrålia ned via Stuvestøyl og ut til parkeringsplassen. Løypa er 13 km.

Andre forslag til fine skiturar

  • Rundtur Urvatn – Tarmen via Osvatn 18,5 km
  • Jamdokk tur/retur 22,0 km
  • Kronfjell tur/retur 29,0 km

Her kan du sjå løypekartet for Våmur
Her kan du sjå informasjonstavla til Våmur Løypelag