Velkomen til vaksinering på legekontoret:

  • Torsdag 17. oktober kl. 15.00-17.30
  • Torsdag 24. oktober kl. 15.00-17.30

Prisar:

  • Influensavaksine: Kr 200,-
  • Lungebetennelsevaksine (pneumokokk): Kr 400,-
  • Koronavaksine: Gratis

Influensavaksine anbefalast til:

  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide i 2. og 3. trimester, og gravide i 1. trimester med annan tilleggsrisiko 
  • Prematurt fødde barn, særleg barn fødde før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månadar (kronologisk alder) til 5 år

Barn og vaksne med fylgjande tilstandar:

  • Kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
  • Hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
  • Diabetes type 1 og 2
  • Leversvikt eller nyresvikt
  • Kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
  • Nedsett immunforsvar som følge av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdommar)
  • Svært alvorleg fedme (KMI over 40)
  • Annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

Influensavaksine anbefalast også til:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande grisar
  • Saneringspersonale og andre som jobbar med mistenkt eller bekrefta influensasjuk tamfugl

Lungebetennelsevaksine (pneumokokk) anbefalast til:

  • Alle over 65 år
  • Dei som har sjukdom som gir immunsvikt
  • Dei som brukar medisinar som svekkar immunforsvaret
  • Dei som har ein kronisk sjukdom eller tilstand som gir auka risiko for pneumokokksjukdom

Lungebetennelsevaksine kan gjevast kvar 6. år.

Oppfriskingsdose med koronavaksine anbefalast til:

  • Aldersgruppa 65 år og eldre, og sjukeheimsbebuarar.  
  • Aldersgruppa 18–64 år som inngår i ei risikogruppe.
  • Aldersgruppa 12–17 år med alvorleg grunnsjukdom.
  • Aldersgruppa 6 måneder –11 år med alvorleg grunnsjukdom etter individuell vurdering.
  • Gravide i 2. eller 3. trimester (vaksinasjon i 1. trimester kan vurderast dersom den gravide har tilleggssjukdommar som gir ytterlegare auka risiko). Vaksinasjon av gravide vil også gi beskyttelse til det nyfødde barnet.
  • Personar som bur saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte

Nyttige lenker til fhi.no:

Oversikt over dine vaksiner?

  • Du kan sjekke kva vaksiner du har tatt ved å logge inn på helsenorge.no. Har du barn under 16 år, kan du også sjå deira vaksiner.