Fyresdal vassverk

Fyresdal vassverk hentar vatn frå grunnvatn i lausmasser. Grunnvatnet blir filtrera i eit marmorfilter og gjennomlyst med ultrafiolett stråling før det blir pumpa inn på kommunalt nett. Vassverket er godkjent etter drikkevannsforskriften. Anlegget dekkar området frå Molandsmoen til Sitjeåa.

Hauggrend vassverk

Hauggrend vassverk hentar vatn frå fire grunnvannsbrønnar i fjell. Dette vatnet har ein god kjemisk sammensetning og blir ikkje behandla med anna enn ultrafiolett stråling før det blir sendt ut på nett.