Oppdatering per 26.11.2021:

Vegen er open att!

Fjellsikringsarbeidet over Våmur er nå ferdig for denne gong, og vegen er open for ferdsel heile døgnet.

Det er planlagt ein dag med noko asfaltering om ikkje så lenge, men dette vil då bli gjennomført med manuell dirigering.

- - - - -

Oppdatering per 19.11.2021:

Arbeidet viser seg dessverre å vere meir omfattande enn tenkt. Vegen er førebels stengt ei veke til (t.o.m. 28.11.2021). 

- - - - -

Oppdatering per 12.11.2021:

Ein reknar nå med at arbeidet vil vere ferdig til 22.11.2021.

- - - - -

Nyheit frå 18.10.2021:

Fjellsikringsarbeidet over Våmur var meir omfatta enn fyrst tenkt, og arbeidet blei såleis ikkje ferdig som planlagt. Ein reknar nå med at arbeidet vil vere ferdig omlag 15.11.2021. Ver likevel merksam på at denne datoen kan bli utsett på nytt, dersom det dukkar opp nye moment som ein ikkje hadde sett for seg. Ein ber samstundes om at publikum som ferdast igjennom arbeidsområdet viser forståing for dette viktige arbeidet.

Stenginga gjeld nå til fylgjande tider:

  • Måndag–onsdag kl. 08.00–14.00 og kl. 15.00–19.30.
  • Torsdag kl. 08.00–14.00

Utenom desse tidene er vegen open for fri ferdsel.

Sjå kart for arbeidsstader.

Klikk på kartet for større bilete.