I samarbeid med arrangør av Friluftsmånaden i Fyresdal 2021, er vi stolte av å kunne invitere til foredrag med sjølvaste Lars Monsen!

Lars Monsen er ein svært populær foredragshaldar som er kjent for å trollbinde sitt publikum og inspirere til å legge ut på små og store eventyr! Han er ein av Noregs mest kjente eventyrarar. Han har hatt over 4000 nettar i sovepose, over halvparten av dei om vinteren. Han har møtt fleire enn 250 bjørnar og 70 ulv, gått Noreg og Alaska på langs, kryssa Canada og levd eit år på Nordkalotten. 

Tid og stad:
Torsdag 7. oktober kl. 19.00 på Fyresdal samfunnshus.

Pris:
Kr 300,- pr. person.
Halv pris 7-16 år.

Førehandssal av billettar:
Vipps til #537948.
Merk betalinga med "Monsen" og namn på dei som skal ha billett.

Billettsal ved inngangen dersom det er ledige plassar att.

Ingen aldersgrense.

Velkomen!