Bading og strandliv

Fyresdal om sommaren - eit annleis, men ekte sommarparadis mellom høge fjell og grøne skogar. Fyresvatn tilbyr kvite strender og klart vatn. Dei fleste områda for bading er lett tilgjengelege og er populære både blant bygdefolket og dei besøkande.

Bryggeparken

Ved brygga i sentrum finn du "bryggeparken" med kafé, strand, grillar, strandvolleyballbane og vasstrampoline. Offentleg toalett er tilgjengeleg i næringshagen (same bygg som kaféen).

Stykkjevika

Heilt i nordenden av Fyresvatn finn du Stykkjevika, ei 700 meter lang "sydenstrand". Her er langgrunt og ypperleg for både små og store badeløver. Utedo er tilgjengeleg.

Bortgøymde perler

Ynskjer du din eigen private stad for å nyte sola og vatnet er det mange bortgøymde perler å finne. Leiger du deg ein kano, kan du til dømes padle til ein av dei små øyane i Fyresvatn.

Allemannsretten

Allemannsretten gjev oss fantastiske moglegheiter til å oppleve og å bruke naturen rundt oss. Og dette har vi full rett til, så lenge vi tar omsyn til grunneigar, kvarandre, planter og dyr. Allemannsretten seier mellom anna noko om kor du kan gå tur, kor du kan bade og kor du kan sette opp telt. Til dømes er det slik at eit telt maksimalt kan stå oppe i to døgn, med mindre du får grunneigars samtykke til å telte der lengre. Du kan lese meir om allemannsretten på norskfriluftsliv.no Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?