Bubilparkering og camping

Fyresdal kurs- og leirstad, Fyresdalsvegen 2295, 3870 Fyresdal

Denne campingen ligg vakkert til rett ved Fyresvatn, og er berre eit steinkast unna sentrum og Hamaren Aktivitetspark.

Fossumsanden Camping, Fyresdalsvegen 541, 3870 Fyresdal

Fossumsanden Camping er ein rustikk naturcamping som ligg vakkert til ved Skredvatn i Fyresdal.

Telemark Camping & Motel, Fyresdalsvegen 620, 3870 Fyresdal

Campingen ligg ved Skredvatn i Fyresdal, og er ein hyggeleg campingplass med 8 hytter, 8 bobilplassar, glamping og eige motell. Campingen er utstyrt med wifi, dusjar, toalett og felles utekjøkken.

Øyne Camping, Glomfossvegen 50, 3870 Fyresdal

Campingen ligg i den sørlege enden av Fyresvatn i nydelege Kilegrend. Her er det gode fiskemoglegheiter og tilgang på mykje fiskeutstyr. Rett ved campingen startar turen Øynuten rundt, som er ein fin og lett fottur der ein får sjå Trollholene, to store grotter utforma under istida. 

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?