Flytte til Fyresdal?

Velkomen til oss!

Fyresdal kommune byr på eit allsidig kultur- og fritidstilbod, eit trygt og godt oppvekstmiljø for barna, og flotte moglegheiter for eit aktivt friluftsliv. Vi har eit levande og konsentrert kommunesenter med gåavstand til viktige funksjonar som skule, barnehage, bibliotek, kulturhus, helsehus, symjehall, idrettshall, kyrkje og næringshage.

Som innbyggar i Fyresdal kommune håpar vi at du vil føle deg velkomen og inkludert!

Det skjer mykje spennande i kommunen vår. Sjekk ut Kva skjer-kalenderen for Vest-Telemark Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. (her kan alle som vil legge inn arrangement).

Vi har mange lag og organisasjonar i Fyresdal, og det å bli med i eit eller fleire av desse laga er ein ypperleg måte å bli kjent med nye folk på. Ta ein kikk på denne lista over lokale lag og organisasjonar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu., og sjå om du finn noko av interesse.

Og fylg osss gjerne i sosiale media for info om stort og smått!

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?