Praktisk info om innbyggarappen

På denne sida finn du praktisk informasjon om Fyresdal kommunes innbyggarapp, Friskus kommune.

Fyresdal kommune tok i bruk innbyggarappen Friskus kommune i slutten av mars 2026. Appen blir bruka til å informere ut om viktige nyheiter frå kommunen.

Slik gjer du:

  • Last ned appen «Friskus kommune (Nasjonal kommuneapplikasjon)»
    i App Store eller Google Play.
  • Vel Fyresdal kommune som bustadkommune.
  • Vel kategorien "Kommunen informerer".

For å få pushvarsel når det blir lagt ut nyheiter, må varslingar vere på. Dette kan du sjekke under dei tre strekane øvst i høgre hjørne på appen. Her kan du også legge til fleire kommunar å fylgje dersom du ynskjer det.

Tips gjerne andre om appen!

Sjølvbetening

Under "sjølvbetening" i appen finn du lenke til DSB si nettside om eigenberedskap og lenke til denne nettsida.

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?