Turistinformasjon
Turistinformasjonen finn du i Fyresdal Næringshage på adressa Klokkahamaren 6. På turistinformasjonen får du gode råd om aktivitetar, butikkar, overnatting og arrangement som skjer i bygda. Du kan også få hjelp og info kring toalett og parkering (og korleis ein betalar for parkering).
På turistinformasjonen kan du leige SUP-brett og kano. Vi har også tilgjengeleg nokre kart over kommunen og stolpejakta, og eit par ulike brosjyrar med informasjon om bygda.
Folkestadbyen, som blir kalla "by'n" på folkemunne, er spesiell i Vest-Telemark og er ei lita perle med små butikkar og idylliske hus og hagar. Dei gamle husa er skilta, og på kvart hus kan ein lese kor gamalt huset er, kor det kom frå, kven som budde her og kva for yrke dei hadde.
For informasjon om mat, drikke, overnatting, Hamaren og Tretoppvegen, sjå “Relaterte artiklar” litt lenger ned.
Offentlege toalett
Du finn offentleg toalett i Klokkarhamaren 6 (på austsida av bygget) og i Hamaren, like ved starten av Tretoppvegen (sjå “WC” på kartet). I tillegg er det WC i Øyskogen og i kulturhuset. Sjå kart jpeg, 279 kB, åpnes i nytt vindu..
Sist oppdatert
