Kunstnaren Kristian Kildal i Asker har laga fargedekorasjonane som er i kyrkja i dag. Resten av målararbeidet er gjort av lokale handverkarar. Det nymåla indre vart innvigd i 1957, og kyrkja vart då av biskopen kalla "den glade bodskaps kyrkje". Kyrkjeromet er rik på fargar. Fargane er haldne i gult, raudt, blått og kvitt.

Tidlegare hadde kyrkja eit rosevindauge over inngangsdøra, men dette vart fjerna av di det var i særs dårleg forfatning. Ei flott og sjeldan prismelysekrone er restaurert og hengt opp att i midtgangen. 

Orgelet er det tidlegare orgelet i Moland kyrkje, restaurert og montert i 1979. Dette er eit godt orgel som fyrst kom frå Gjerpen kyrkje til Moland kyrkje. 

Kyrkjeromet har eit varmt og ljost preg, og dette står difor i kontrast til det ytre, noko strenge, preget som kyrkjer av denne typen har. 

Besøksadressa til Veum kyrkje er Fyresdalsvegen 1050.