Villreinnemnda gjer kvotevedtak, godkjenner forvaltningsplanar, er høyringsinnstans for arealinngrep m.m. Sekretariatet for villreinnemndda er i dag tillagt Jørn T. Haug, Åseral kommune, 4540 Åseral, tlf. 38 28 58 39 / 952 07 083, e-post jorn.haug@aseral.kommune.no.

Kvart av villreinområda har i tillegg eit eige organ – villreinlag, som driv den praktiske forvaltninga av området. 

Våmur-Roan Villreinområde

  • Areal: 375 km2.
  • Mål vinterstamme: 200 dyr.
  • Ca. vinterstamme: 200 dyr.
  • Leiar: Inge Audun Dahle, tlf. 950 29 662.

Etter freding av villreinen på Våmur–Roan i 2006 og 2007 vart det beslutta å tildele ei kvote på 30 dyr i 2008. Sidan 2008 har stamma auka gradvis, og på bakgrunn av teljingar og god kjennskap til stamma, har ein sett som mål å ha ei vinterstamme på 200 dyr.

Har du spørsmål om villreinjakta i Våmur–Roan? Tak kontakt med skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan eller formann i VRVL, Jørund Valebjørg, på tlf. 976 77 991.

Setesdal Austhei Villreinområde

Setesdal Austhei vart definera som villreinområde i 1980 - og åpna for villreinjakt i 1981. Inntil 1979 var det tamreindrift i området.

Setesdal Austhei er prega av meir innlandsklima en t.d. Setesdal Vesthei/ Ryfylke. Området er delt i to av Rv45 Rotemo-Dalen, og heiane omtalast som Nord- og Sørområdet. Nordområdet pregast av mange fjellvidder og dekkjer ca 770 kvadratkilometer, medan Sørområdet er meir skogsprega, og dekkjer ca 1.600 kvadratkilometer. Størsteparten av bestanden på Austheia har sine vinterbeite i nordområdet, og kalvingsområde og sumarbeite i sørområde. Dyra kryssar Rv45 på trekk mellom nord- og sørområde på tross av utstrakt veg- og hyttebygging ved mellom ana ved Store Bjørnevatn.

Villreinområdet berører sju kommunar i to fylker: Bykle, Valle, Åmli og Bygland i Aust-Agder og Tokke, Fyresdal og Vinje i Telemark.

Jakttida for villrein er 20.08-30.09.