Villreinnemnda gjer kvotevedtak, godkjenner forvaltningsplanar, er høyringsinnstans for arealinngrep m.m. Sekretariatet for villreinnemnda er lagt til Suldal kommune v/sekretær Jarle Lunde. Kontaktadresse er Villreinnemnda for Setesdalsområdet, Sandsvegen 122, 4230 Sand. Telefon 52 79 24 35 / 404 18 967 og e-post jarle.lunde@suldal.kommune.no.

Kvart av villreinområda har i tillegg eit eige organ – villreinlag, som driv den praktiske forvaltninga av området. 

Våmur-Roan Villreinområde

  • Areal: 375 km2.
  • Mål vinterstamme: 200 dyr.
  • Ca. vinterstamme: 175 dyr.
  • Leiar: Inge Audun Dahle, tlf. 950 29 662.

Dagens villrein i området stammar frå Setesdal Austhei villreinområde, og genetisk har den sitt opphav i tamreindrift som hald på der fram til 1977. I nyare tid er mindre reinsflokkar observert og dokumentert i Våmur-Roan frå 1974, men hovudinnvandringa skjedde fyrst 10 år seinare. Dyra etablera seg fyrst i de søndre deler, men spreidde seg etter kvart nordover, der hovuddelen av dyra har halde seg dei seinare åra. Forsøksjakt vart gjennomført i 1992, og året etter vart ordinær jakt innført.

Gjennom hyppige teljingar dei seinare åra meiner ein å ha god kunnskap om stamma, og ein meiner å vere nær målsettinga om strukturen i stamma. Målet er å ha 20 % kalv, 45 % simler, 20 % bukk 1,5-2,5 år og minst 15 % bukk eldre enn 3,5 år etter jakt. Dei siste åra er det gitt fellingsløyve på totalt 55 dyr. I 2021 vart det felt totalt 41 dyr. Slaktevektene i Våmur-Roan held seg på eit relativt høgt nivå.

Har du spørsmål om villreinjakta i Våmur-Roan? Tak kontakt med skogbrukssjef Aslak Momrak-Haugan eller formann Inge Audun Dahle.

Setesdal Austhei Villreinområde

Setesdal Austhei vart definera som villreinområde i 1980 - og åpna for villreinjakt i 1981. Inntil 1979 var det tamreindrift i området.

Setesdal Austhei er prega av meir innlandsklima en t.d. Setesdal Vesthei/ Ryfylke. Området er delt i to av Rv45 Rotemo-Dalen, og heiane omtalast som Nord- og Sørområdet. Nordområdet pregast av mange fjellvidder og dekkjer ca 770 kvadratkilometer, medan Sørområdet er meir skogsprega, og dekkjer ca 1.600 kvadratkilometer. Størsteparten av bestanden på Austheia har sine vinterbeite i nordområdet, og kalvingsområde og sumarbeite i sørområde. Dyra kryssar Rv45 på trekk mellom nord- og sørområde på tross av utstrakt veg- og hyttebygging ved mellom ana ved Store Bjørnevatn.

Villreinområdet berører sju kommunar i to fylker: Bykle, Valle, Åmli og Bygland i Aust-Agder og Tokke, Fyresdal og Vinje i Telemark.

Jakttida for villrein er 20.08-30.09.