Visma Flyt Skole - ulike plattformer

Visma Flyt Skole har ein føresettplattform, der du kan ha tovegs kommunikasjon med skulen. Visma Flyt Skole har òg ein føresett-app, "Min skole", for tovegs kommunikasjon med skulen. 

Vi ynskjer at du som forelder set deg godt inn i informasjonen og rettleiingane nedanfor, loggar inn og gjer dei endringane som er naudsynt for at det skal vere ein god kontakt mellom skule og heim. Rediger profilen din, med rett mobilnummer, e-postadresse m.m. Du er sjølv ansvarleg for å halde informasjonen vedlike og gjere endringar om du får t.d. nytt mobilnummer. Når skulen har behov for å få kontakt med deg er det særs viktig at rett mobilnummer er registrert.

Føresette sin tilgang til Visma Flyt Skole

Som føresett kan du logge på VFS med ID-porten (BankID/MinID).

Føresette brukar VFS mellom anna til å: 

  • Sjekke at kontaktinformasjon og personinformasjon for elev(ar) og føresette er rett.
  • Gje samtykke.
  • Følgje med på fråvær, merknader, vurderingar og karakterar som er ført på eleven.
  • Finne kontaktinformasjon til kontaktlærar og andre tilsette.
  • Søkje, seie opp eller endre SFO-plass.
  • Sjekke fakturagrunnlaget for SFO-plass.
  • Sjå kva for faggrupper og faglærarar eleven har.

Dersom du har problem med tilgang som føresett, ta kontakt med skulen.

Min Skole – føresettapp

"Min skole" føresettapp har desse hovudfunksjonane:

  • Sende og motta meldingar mellom føresette og skule.
  • Føresette kan registrere fråvær på eigne barn.
  • Føresette kan få varsel frå skulen om fråvær/merknader.
  • Tilgang til digitale skjema via lenke i app-melding.

Det er viktig å minne om at føresette ikkje må sende sensitiv informasjon, t.d. helseopplysningar, i appen eller i e-post til skulen. Appen bør først og fremst brukast til kortare meldingar. Kontakt skulen på telefon, eller avtal eit møte, dersom det er behov for å gje informasjon som ikkje passar seg i appen.

Føresetnader for å bruke appen.

  • Du må laste ned appen frå Google Play (Android) eller AppStore (iPhone). Appen heiter "Min skole – foresatt"
  • Den første gongen du loggar inn i appen, må du logge på med ID-porten (BankID/MinID) og opprette ein personleg pin-kode.

Slik brukar du appen:

  • Når du har logga inn i appen, vel du kva for eit barn det gjeld.
  • Deretter vel du om du skal lese eller sende melding, eller om du vil melde eit fråvær.
  • Dersom du vil sende melding til skulen, kan du velje ein eller fleire mottakarar frå ei liste i appen, der du òg ser kva for rolle dei har i høve til barnet ditt. Kven du kan sendt melding til, vil vere avhengig av oppsettet som er gjort på skulen. Det kan t.d. vere:
    • Kontaktlærar
    • Faglærar
    • SFO-ansvarleg
  • Når du melder fråvær, blir dette registrert rett inn i det skuleadministrative systemet, og blir synleg for både SFO-tilsette og eleven sine lærarar.
  • Bruk fråværsfunksjonen, og ikkje meldingsfunksjonen, til å melde fråvær.  Meld fråvær så tidlig som mogleg.

Som føresett kan du endre på dine eigne varslingsinnstillingar innanfor det skulen har lagt til rette for. Då må du logge inn i fullversjonen av Visma Flyt Skole (via PC) og deretter velje "varslingsinstillinger" på framsida.

Alle meldingar som blir sende mellom føresette og skulen i appen, vil bli lagt på eleven si meldingsfane i VFS, og blir arkivert som digital meldingsbok ved slutten av skuleåret i samsvar med arkivlova. Sjå Visma si eiga informasjonsside for føresette.

Føresette som ikkje har smarttelefon:

Føresette som ikkje har smarttelefon og/eller nettbrett kan ikkje ta i bruk appen, men må logge inn på fullversjonen av Visma Flyt Skole og sende meldingar til skulen derfrå.

Visma Flyt Skole – ofte stilte spørsmål

Eg får ikkje logge inn frå mobiltelefon – kva gjer eg feil?

Innlogginga til Visma Flyt Skole er i utgangspunktet tilpassa dei tilsette si innlogging på mobiltelefon eller nettbrett. Dersom du får opp mobilsida med overskrift "Visma Flyt Skole - Ansatt", må du klikke på "Fullversjonen av Visma Flyt Skole" for å logge på som føresett. Føresette loggar på med ID-porten (MinID/BankID).

Korleis gjev eg beskjed til skulen når barnet er sjukt?

Logg inn i "Min skole" føresett-appen og meld fråvær, eller logg inn i fullversjonen av Visma Flyt Skole og meld fråvær. Klikk på «Meld fravær» og registrer inn ønska fråvær (standard er heile dagen), og merknad. Klikk send for å registrere fråværet. Fråværet vil bli registrert på barnet i Visma Flyt Skole. Ved feilregistrering kan føresette redigere innlagt fråvær.

Korleis søker eg om fri/permisjon for barnet mitt?

Du finn søknadsskjema ved å logga inn på  Visma Flyt Skole og velje knappen "Søknader" på framsida.

Eg får ikkje gje eller endre samtykke, korleis gjer eg dette?

Før du kan redigere samtykke, må du først registrere generelt samtykke. Det gjer du ved å klikke på "Generelt samtykke" på framsida av foreldresida til Visma Flyt Skole. Deretter kan du gå inn på det enkelte barnet og redigere samtykke. Klikk på lenka "Rediger" til høgre for kvart samtykke.

Installere Office

Her finn du ein kort forklaring på korleis du kan installere Office-pakka:

  1. Logg inn på https://portal.office.com med "brukarnavn@fyrkom-elev.no"
  2. I Feide-vindauget som kjem opp vel du fyrst kommune for så å skrive inn elevens brukarnamn og passord.
  3. Du blir så vidaresendt til ny side der du oppe til høgre kan trykke på knappen”Installere Office”. Velg Office 365-apperOffice.
  4. Fylg så rettleiinga som kjem opp.

Du kan innstallere Office-pakka 5 ulike stader (PC, nettbrett osv).