Velkomen til webinar om SkatteFUNN og regionale verkemiddel!

Om arrangementet

Planlegg bedrifta di å utvikle eit nytt produkt eller ei ny teneste? Eller har de ein idé om korleis bedriften kan produsere på ein smartare måte? SkatteFUNN er ei skattefrådragsordning for bedrifter som jobbar med forskings- og utviklingsprosjekt. Bli med og lær meir om kva typar utviklingsaktivitetar ordninga omfattar. Du vil også lære om korleis du søker SkatteFUNN. 

Gjennom ulike eksempel vil du lære korleis du får fram kva sentrale oppgåver prosjektet skal løyse. Ein vil mellom anna sjå på "Prosjektkanvas", Forskningsrådet sitt verktøy for idéutvikling. 

Arrangementet er relevant for bedrifter som er ny for ordninga, men også bedrifter som tidligare har erfaring med bruk av SkatteFUNN vil få nyttige tips. 

Det vil også bli gitt ei orientering om dei regionale verkemidla "Regionalt forskningsfond" og "FORREGION" i etterkant av SkatteFUNN-presentasjonen.

Om SkatteFUNN-ordninga

SkatteFUNN er ei "rettighetsbasert skattefradragsordning". Alle norske bedrifter som arbeider med forsking og utvikling kan søke Forskningsrådet om godkjenning, slik at bedriften kan bruke sin rett til skattefrådrag.

For at bedriften skal kunne motta skattefrådrag, må prosjektet oppfylle fylgjande krav:

  • Prosjektet må dreie seg om utvikling av nye eller betre varer, tenester eller produksjonsprosessar
  • Prosjektet må ha som mål å framskaffe ny kunnskap eller nye ferdigheiter for bransjen
  • Prosjektet må vere til nytte for bedriften
  • Prosjektet må vere målretta og avgrensa

Ein vil i kurset gå grundig igjennom formelle krav og nyttige tips til søkarar.

Kurset vil bli etterfølgt av eit prosjektutviklingskurs 1. mars der du kan lære å strukturere opp eit FoU-prosjekt. 
Lenke til prosjektutviklings-kurs 1. mars 2022: Kurs i prosjektutvikling for Oslo, Viken, Vestfold og Telemark.

Meld deg på for å lære meir om SkatteFUNN og regionale verkemiddel, og om korleis forsking og utvikling kan bli ein del av innovasjonsprosessen i di bedrift.

Vel møtt!