I mai månad er vi dessverre nøydde til å redusere drifta på legekontoret. Dette grunna bemanningsutfordringar. Det vil bli gjort ekstra prioriteringar på kva for prøver og undersøkingar som kan gjerast og kva som kan vente. Det kan også bli noko ekstra svartid/ventetid på telefon og for legetime.
 
Enkelte dagar i mai vil vi berre ta imot øyeblikkelig hjelp. Pasientar som eventuelt har time desse dagane vil få beskjed om at timen deira vil bli flytta. Vi beklagar dei ulempene dette måtte medføre. Legevakta vil fungere som vanleg.
 
Fredag 10. mai vil legekontoret halde heilt stengt. Legevakta vil vere tilgjengeleg denne dagen.
 
Nordsjølegevikar tilsett
 
Nordsjølege Kristin Maria Nes går nå ut i permisjon, og vi har tilsett ein vikar i hennar fråvær; Mariann Grønnestad. Ho er spesialist i indremedisin og allmennmedisin og startar sin fyrste rotasjon 2. juli. Vi ser fram til at ho kjem til oss.