Rehabilitering av gang og toalett på kulturhuset våren 2025

Arbeidet med rehabilitering av gang og toalett på kulturhuset startar opp veke 7.

Det skal byggast heilt nye toalett, og gangen skal byggast om og pussast opp. Dette vil få konsekvensar for drifta, og hovudinngangen/-utgangen vil bli stengt i lange periodar. Vi leiger ikkje ut i denne perioden, men prøvar å drifte det som lar seg gjere.

Storsalen:

Det vil bli begrensa med bruk av storsalen. Dette grunna tilgang på naudutgangar. Vi vil køyre kino som vanleg, då med inngang frå sør, og med hovudinngangen/-utgangen som naudutgang. Det vil vere begrensa tilgang på toalett, men vi kan bruke toalettet «backstage» ved behov.

Veslesalen:

Det vil ikkje vere mogleg å leige veslesalen medan arbeidet pågår. Dette grunna mangel på tilgang på toalett.

Junior- og ungdomsklubb:

Vi vil ha klubb på onsdagar og fredagar som vanleg, men med inngang frå sør.

Toalett-tilgangen vil bli slik:

  • Frå kl. 14: Kundetoalett på Spar
  • Kl. 15-17: Ope i idrettshallen, tilgang på toalett der
  • Tilgang på toalett i opningstidene til bassenget
  • På biblioteket kan ein nytte biblioteket sitt personaltoalett som har inngang i «krimgangen»

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?