Vi minner om at det er vatningsrestriksjonar - på begge vassverka!

Info om når det kan vatnast finn du her:

Fyresdal vassverk:

  • Abonnentar på sørsida av Århus/Sitjevegen/Landstadvegen kan vatne dagar med partalsdato mellom kl. 21.00 og 22.00.
  • Abonnentar på nordsida av Århus/Sitjevegen/Landstadvegen kan vatne dagar med oddetalsdato mellom kl. 21.00 og 22.00.

Hauggrend vassverk

  • Abonnentar kan vatne mellom kl. 21.00 og 22.00.

NB. Dersom du skulle kome over eit område som er unormalt vått, gje oss gjerne beskjed (i tilfelle lekkasje).

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?