Gravferdsdagen til Kong Harald V, 9. september
Fyresdal kommune vil halde kulturhuset opent for alle som vil fylje gravferda på storskjerm frå kl. 11.45 til 15.50.
Her fylgjer informasjon i samband med gravferda til Kong Harald V, onsdag 9. september
Eitt minutts stillheit
På gravferdsdagen, den 9. september, blir Kong Harald V minna med eitt minutts stillheit frå klokka 13.00 til 13.01 over heile landet. Stillheita blir innleidd med tre klokkeslag frå kyrkjene. Når minuttet er over, markerer tre nye klokkeslag at stillheita er avslutta.
Fyresdal kommune oppmodar alle til å leggje til rette for markeringa. Der det er mogleg, bør møte, aktivitetar og støyande arbeid stansast i dette tidsrommet.
Flagging
I den nasjonale sørgjeperioden er det flagga på halv stong ved kommunen sine bygg. På gravferdsdagen skal flagga vere på halv stong fram til den nasjonale sørgjeperioden blir avslutta. Utanriksdepartementet har opplyst at sørgjeperioden blir avslutta med salutt frå Akershus festning, og flagga skal førast til topps klokka 15.50 onsdag 9. september.
Kondolanseprotokoll
Kommunens kondolanseprotokoll vil være tilgjengeleg i kulturhuset under gravferda og liggjande på kommunehuset, i opningstida 08.00-11.30 på gravferdsdagen.
Foto: Regjeringen.no

Sist oppdatert
