Eigenberedskapsveka 2026
(26. oktober–1. november)

Egenberedskapsveka 2026
Egenberedskapsveka 2026 blir arrangert i veke 44 (frå måndag 26. oktober til søndag 1. november). Tema for årets kampanje er krisekommunikasjon ved bortfall av elektronisk kommunikasjon (ekom). Kampanjen set søkjelys på korleis vi kan få viktig informasjon og halde kontakten med kvarandre dersom mobilnett og internett ikkje fungerer som normalt.
Kva er det eigentleg vi bør førebu oss på?
Sjølv om det meste fungerer godt i Noreg, kan ulike kriser føre til at tenestene som vi tek for gitt, kan bli borte i kortare eller lengre periodar. Slike kriser kan til dømes vere ekstremvêr, straumbrot, ulykker, sabotasje og i verste fall krigshandlingar.
Vi bør førebu oss på å klare oss sjølve i minst ei veke dersom viktige tenester som straum, vatn, kloakk, internett, mobilnett og betalingsløysingar blir borte. Vi bør også vite korleis vi kan få viktig informasjon og halde kontakten med andre dersom mobilnettet og internett ikkje fungerer.
Kva bør du gjere?
Tenk gjennom kva hendingar som kan oppstå, og planlegg for å kunne ta vare på deg sjølv og dei rundt deg i minst ei veke ved bortfall av ein eller fleire av tenestene nemnde over.
Sørg for at du har alternative måtar å få informasjon på dersom internett og mobilnett fell ut. Ha ein DAB-radio som fungerer med batteri, sveiv eller solceller, lad opp batteribankar og skriv ned viktige telefonnummer på papir. Avtal med familie og vener korleis de skal halde kontakten dersom mobilnettet ikkje fungerer.
Beredskapen i Noreg byggjer på at alle tek ansvar og bidreg – det inkluderer myndigheiter, organisasjonar, verksemder og privatpersonar.
Møteplass/kontaktpunkt i Fyresdal
Ved lengre utfall av straum og/eller telefon- og mobildekning kan det bli vanskeleg å kontakte nødetatane. For å sikre at innbyggjarane framleis kan få hjelp i ein nødssituasjon, vil Fyresdal kommune etablere ein møteplass ved Fyresdal pleie- og omsorgssenter.
Adresse: Prærien 23, 3870 Fyresdal.
Her kan du møte opp dersom du har akutt behov for å kome i kontakt med politi, brannvesen eller AMK, og ikkje har moglegheit til å ringje 110, 112 eller 113 sjølv.
Møteplassen er berre for naudhjelp.
Du kan også forsøkje å oppnå kontakt med lokal nødetat via sikringsradio – kanal SIKR 7. Dette er ein open kanal som alle kan høyre på, og skal berre brukast i nødstilfelle.
Bli ein beredskapsvenn
Å vere ein beredskapsvenn betyr å bry seg litt ekstra – å ta ansvar for deg sjølv, men også for naboar, vener og familie som kan trenge hjelp i ein krisesituasjon.
De kan til dømes hjelpe kvarandre med å få viktig informasjon, lade mobiltelefonar eller skaffe nødvendige forsyningar dersom viktige tenester fell bort.
Finn ut kven du kan hjelpe, og kven du kan få hjelp av.
Sjekkliste for eigenberedskap
I sjekklista for eigenberedskap finn du døme på ting som det er lurt å ha heime. Sjekk lageret ditt med jamne mellomrom, og sørg for at du har det du treng for å klare deg i minst ei veke.
Her kan du sjå og laste ned sjekklista for eigenberedskap pdf, 507 kB..
Sist oppdatert
