Høyring: Lokal forskrift om omdisponering av timar i grunnskulen
Bakgrunn for forslaget
Opplæringslova § 1-6 andre ledd opnar for at kommunen kan omdisponere inntil 10 prosent av timane i fag i grunnskulen.
Fyresdal kommune ønskjer å leggje til rette for at Gimle skule kan nytte denne fleksibiliteten i organiseringa av opplæringa. Ei slik ordning kan gi større rom for lokale prioriteringar, tverrfaglege opplegg og meir praktisk og variert undervisning.
Kva går forslaget ut på?
Forslaget til lokal forskrift opnar for omdisponering av inntil 10 prosent av timane i fag.
Ordninga har desse rammene:
• Elevane skal framleis få det samla minstetimetalet dei har rett til.
• Minst 90 prosent av timetalet i kvart fag skal vere att.
• Omdisponering mellom fag kan berre skje innanfor hovudtrinna 1.–4., 5.– 7. og 8.–10.
• Timane kan òg nyttast til særskilde tverrfaglege aktivitetar.
Omdisponeringa skal byggje på pedagogiske vurderingar, og elevane sine rettar skal takast vare på.
Kommunen ønskjer innspel
Fyresdal kommune ønskjer synspunkt på forslaget før det blir teke endeleg stilling til forskrifta.
Vi ber særleg om innspel på:
1. Kva moglegheiter og utfordringar ser de ved ei slik ordning?
2. Kva bør det leggjast vekt på når skulen vurderer å omdisponere timar mellom fag?
3. Korleis kan ordninga nyttast på ein måte som kjem elevane til gode?
Det er òg høve til å kome med andre merknader til forslaget.
Høyringsfrist: 15. desember 2026.
Korleis sende inn innspel?
Innspel til høyringa kan sendast til Fyresdal kommune på ein av følgjande måtar:
Via e-dialog
På e-post til postmottak@fyresdal.kommune.no
Som brev til postmottaket:
Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal
Vidare behandling
Etter høyringa vil administrasjonen gå gjennom innspela og vurdere om det er behov for endringar i forskriftsforslaget. Saka vil deretter bli lagd fram for politisk behandling.
Det er lagt opp til at ei eventuell forskrift skal tre i kraft frå 1. august 2027.
Sjå vedlagt høyringsnotat og forslag til lokal forskrift for meir informasjon. pdf, 278 kB.
Sist oppdatert
