Prosjektleiar Simulering Telemark - 100 % stilling ut 2027. Frist 22.11.26
Simulering Telemark søkjer ein engasjert prosjektleiar som vil vere med på å vidareutvikle eit spennande samarbeid innan helse og beredskap i Telemark.
Simulering Telemark er eit samarbeid mellom Akutt- og Beredskapsklinikken (ABK) ved Sykehuset Telemark (STHF) og kommunane Seljord, Kviteseid, Vinje, Tokke, Fyresdal, Nissedal, Tinn, Hjartdal og Midt-Telemark.
Gjennom simulering og ferdigheitstrening arbeider prosjektet for å styrkje kompetansen i kommunehelsetenesta og fremje godt samarbeid mellom prehospitale tenester og kommunale helsetenester.
Prosjektet starta i 2023 og skal gjennom 2027 førebu overgangen til ordinær drift frå 2028. No søkjer vi ein person som kan ta arbeidet vidare og bidra til å utvikle Simulering Telemark.
Arbeidsoppgåver
- Overordna ansvar for drift av simuleringssenteret og koordinering av ulike simuleringsaktiviteter for samarbeidspartane.
- Arrangere og gjennomføre fasilitatorsamlingar og felles undervisning for tilsette.
- Bidra i planlegging og gjennomføring av samtreningsøvingar mellom ulike tenester.
- Vidareutvikling av vår nettside og promotering på sosiale media.
- Sjå moglegheiter for vidareutvikling og breidding av simulering som metode til fleire fagområde og sektorar.
- Orientering til Simulering Telemark si styringsgruppe.
- Politisk forankring av arbeidet.
- Ansvar for berekraftig økonomi.
Kvalifikasjonskrav
- Autorisasjon som sjukepleier, ambulansearbeidar eller paramedic – gjerne med erfaring frå ulike tenesteområde.
- Brennande fagleg engasjement og ynskje om å bidra til fagleg utvikling gjennom simulering og ferdigheitstrening.
- Gode koordinerande eigenskapar og evne til å sjå mogelegheiter framfor begrensingar.
- Praktisk erfaring med simulering.
- Gjerne praktisk erfaring som fasilitator og HLR instruktør.
- Sjølvstendig arbeidskapasitet samstundes som du er ein god lagspelar.
- Førarkort kl. B.
Vi tilbyr
- Fleksibel arbeidstid.
- Løn etter avtale.
- Spennande og varierte arbeidsoppgåver i eit miljø under utvikling.
- Tett samarbeid med engasjerte ressurspersonar hos samarbeidspartar.
- Bli del av – og bygge vidare på eit spennande simuleringsnettverk i Telemark!
- Pensjon via KLP/SPK
- IA-bedrift
Tilsettingsform:
Engasjement ut 2027 med mogelegheit for fast tilsetting etter politisk godkjenning.
Søk på stillinga her.Lenke til et annet nettsted. Lenke til et annet nettsted.
Oppstart avtales med aktuell(e) kandidat(er).
Søknadsfrist: 22.11.26.
Ved spørsmål om stillinga kan du ta kontakt med:
Prosjektleder Marianne Tråer. Tlf.: 47 61 43 09. E-post: marianne.traaer@seljord.kommune.no
Kommunalsjef Helse, Seljord kommune Janne Merete Larsen. Tlf.: 48 29 74 33. E- post: janne.larsen@seljord.kommune.no

Sist oppdatert
