Anleggsarbeid ved Moghus 2 – informasjon til naboar

Tveito Maskin AS skal på oppdrag frå Fyresdal kommune utføre grunn- og infrastrukturarbeid i samband med utvidinga av bustadfeltet Moghus 2.

Moghus_2_bilde1

Arbeidet omfattar mellom anna etablering av ny veg, vass- og avløpsleidningar, kabelgrøfter og tilhøyrande grunnarbeid.

Anleggsperiode

Arbeidet er no i oppstartsfasen, og planlagd ferdigstilling er våren 2027.

Kva betyr dette for deg som bur i området?

I anleggsperioden må ein rekne med noko støy, støv, anleggstrafikk og periodar med redusert framkome.

Det vil også bli utført sprengingsarbeid. Berørte bebuarar vil få særskilt varsel i forkant av sprenging.

Viktig informasjon om tryggleik for barn

Sidan anleggsområdet ligg i nærleiken av eit etablert bustadfelt, ber vi foreldre om å snakke med barna sine om farane ved anleggsarbeid.

Vi oppmodar foreldre til å passe på at barna ikkje oppheld seg ved eller tek seg inn på anleggsområdet, heller ikkje utanom arbeidstid. Dette er viktig for å ivareta tryggleiken til barna.

Vi vil gjere vårt beste for å avgrense ulempene og sørgje for trygg og god framkome for bebuarane gjennom anleggsperioden.

Moghus2_bilde2

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?