Helsestasjonen fylgjer opp barnet og deira familie etter fastsatt program frå helsedirektoratet. Spesielt vektleggast barnets fysiske og psykososiale utvikling. Ved helsestasjonen kan de få veiledning og støtte i spørsmål som knytter seg til barnets vekst, utvikling og trivsel.

Barnet innkalles jevnlig til konsultasjoner på helsestasjonen, men du kan også sjølv ta kontakt utover det. 
 
Når de flyter må det gjevast beskjed til helsestasjonen de har tilhøyrd om ny adresse, og at dei må sende journal på barnet til ny helsestasjon.
 
Tilbodet er gratis. 
 

Kva tilbyr helsestasjonen:

  • Helseundersøkingar og rådgjeving med oppfølging og henvisning ved behov.
  • Tilbod om barnevaksinasjonsprogrammet.
  • Førebyggjande psykososialt arbeid.
  • Opplysningsverksemd og rettleiing individuelt.
  • Heimebesøk og oppsøkjande verksemd.
  • Samarbeid om habilitering av barn og ungdom med spesielle behov, herunder kronisk sjuke og funksjonshemma.
Helsestasjonen er open kvar dag utanom måndag (oddetalsveke) og tysdag (partalsveke). Helsesjukepleiar er på skulen torsdagar kl. 09.00-14.00.
 

Helsestasjonsprogrammet

  • Nyfødt: Heimebesøk av helsesjukepleiar.
  • 4 veker: Undersøking og samtale ved helsesjukepleiar.
  • 6 veker: Legeundersøking. Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukpleiar.
  • 3 månadar: Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 4 månadar: Undersøking av fysioterapeut. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 5 månadar: Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 6 månadar: Legeundersøking. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 8 månadar: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 10 månadar: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 12 månadar: Legeundersøking. Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 15 månadar: Vaksinasjon. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 18 månadar: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 2 år: Legeundersøking. Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.
  • 4 år: Samtale og undersøking ved helsesjukepleiar.

Andre oppgåver helsestasjonen tilbyr:

  • Reisevaksinering.
  • Hørselstesting av vaksne.
  • Deltaking i psykososialt kriseteam.