Forslag til ny lokal politivedtekt for Fyresdal kommune

Kommunestyret vedtok 25.04.2024 i sak 26/2024 å legge fram forslag til ny lokal politivedtekt. Den nåverande vedtekta er frå 1998 og utdatera på fleire område.         

Forslaget skal på høyring til kommunens innbyggarar, jf. forvaltningsloven § 37, før det fattast endeleg vedtak i kommunestyret. Kommunen har utforma forslaget jf. lov om politiet av 04.08.1995, § 14 fyrste ledd. Du kan lese forslaget til ny vedtekt her.

Innspel sendast skriftleg til Fyresdal kommune innan 31.05.2024:

Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal

postmottak@fyresdal.kommune.no 

Kommunal planstrategi for Fyresdal kommune 2024-2027

Kommunestyret vedtok 25.04.2024 i sak 25/2024 å legge Kommunal planstrategi for Fyresdal kommune 2024-2027 ut på offentleg ettersyn.

Etter plan- og bygningslova § 10-1 skal kommunestyret minst ein gong kvar valperiode, og seinast innan eit år etter konstituering, utarbeide og vedta kommunal planstrategi. 

Kommunal planstrategi er ei oversikt over planbehov i kommunestyreperioden. Planstrategien skal vurdere planbehovet i perioden, fyrst og fremst behov for rullering av kommuneplanens samfunnsdel og arealdel. Planstrategien for Fyresdal kommune viser i tillegg behovet for andre overordna lovpålagte planer, og når ein tenker å gjennomføre arbeidet. Planstrategien byggjer på kommuneplanens samfunnsdel og kunnskapsgrunnlaget til den.

  • Kommuneplanens samfunnsdel vart vedtatt 22.06.2023, det leggast ikkje opp til rullering av den
  • Kommuneplanens arealdel skal rullerast med oppstart i 2024

Dokument: (sak 2024/165, journalpost 6 og 7)

Innspel sendast skriftleg til Fyresdal kommune innan 31.05.2024:

Fyresdal kommune
Klokkarhamaren 6
3870 Fyresdal

postmottak@fyresdal.kommune.no