Delegering av myndigheit inneber ikkje at ein seier ifrå seg myndigheit. Den myndigheit som blir delegert kan når som helst takast tilbake. Det organet som delegerer kan òg fastsetje retningsliner for korleis myndigheita skal bli utøvd. Organet kan dessutan gripe inn i einskildsaker og innanfor rammene til Lov om behandlingsmåten i forvaltningssaker gjere om vedtak gjort av underordna organ.

Lov om kommuner og fylkeskommuner seier at kommunestyret er det øvste kommunale organet. Det gjer vedtak på vegne av kommunen så langt ikkje anna fylgjer av lov eller vedtak om delegering. Kommunestyret har all kompetanse som ikkje positivt er lagt til andre organ i kommunen. Dette krev at det blir gitt fridom til å delegere til underordna organ. Lov om kommuner og fylkeskommuner inneber at kommunestyret kan leggje myndigheit til underordna folkevalde organ og til administrasjonen.

Her finn du administrativt delegeringsreglement for Fyresdal kommune