Sikkerhverdag.no oppfordrar alle til å tenke igjennom kva farer og ulykker som kan ramme deg heime, og til å førebu deg best mogleg. Dersom straumen blir borte eller du blir isolert av veret i fleire dagar, bør du vere rusta til å klare deg sjølv i nokre dagar. 

Ver klar!

Dei fleste av oss er heilt avhengige av straum i kvardagen. Til oppvarming, lys, matlaging, varmtvatn og elektriske apparat. Uver, naturhendingar, sabotasje, tekniske problem, terror eller krigshandlingar kan føre til at mange mistar til dømes straum eller vatn, og at det kan bli vanskelegare å få tak i nødvendige varer. Sjansen er kanskje ikkje så stor, men det kan skje. Då bør du vere klar. Med eit lite reservelager av det du er mest avhengig av - vatn, mat, medisiner og varmekjelder - er du betre rusta for å klare deg sjølv nokre dagar.

Vurder risiko og sårbarheit i din heim

Tenk igjennom kva som kan skje, kva konsekvensar det kan få og korleis nettopp din familie ville ha handtert det. Finn ut kven som kan trenge di hjelp og korleis du kan bidra. Dersom det er utstyr du planlegg å bruke i ein nødssituasjon, ver kjent med korleis det skal brukast og sørg for at det virkar.

Slik kan du dekke grunnleggjande behov i tre døgn

Dei grunnleggjande behova som må dekkast dei første tre døgna av ei krise er varme, drikke, mat, legemiddel, hygiene og informasjon. Mange av oss har allereie ein god del av det vi treng for å klare oss sjølve i nokre dagar, så det er ofte ikkje så mykje som skal til for å komme helt i mål.

Har du det mest nødvendige på plass slik at du kan klare deg sjølv i minst tre dagar, er du rusta for å komme deg igjennom dei fleste kriser. Om krisa blir langvarig har du med desse førebuingane kjøpt deg tid og rom til å planlegge vidare. Samtidig bidreg du også til at dei som treng det mest kan få hjelp først.

Ditt eige beredskapslager

  • 9 liter vatn per person
  • 2 pakkar knekkebrød per person
  • 1 pakke havregryn per person
  • 3 boksar middagshermetikk eller 3 posar tørrmat per person
  • 3 boksar med pålegg med lang haldbarheit per person
  • Nokre posar tørka frukt eller nøtter, kjeks og sjokolade
  • Medisiner du er avhengig av
  • Ved-, gass eller parafinovn til oppvarming
  • Grill eller kokeapparat som går på gass
  • Stearinlys, lommelykt med batteri, parafinlampe
  • Fyrstikker eller lighter
  • Varme klede, pledd og sovepose
  • Førstehjelpspakke
  • Batteridreve DAB-radio 
  • Batteri, batteribank og mobilladar til bilen
  • Våtserviettar og desinfeksjonsmiddel
  • Tørke-/toalettpapir
  • Litt kontantar
  • Ekstra drivstoff og ved/gass/parafin
  • Rødsprit til oppvarming og matlaging
  • Jodtabletter (til bruk ved atomhendingar)