Kommunen/plankontoret vurderer korleis saka skal handsamast vidare. Gjeld søknaden i LNF-området (Landbruk-, Natur- og Friluftsområde) gjeng den vidare til rådgjevar landbruk for tilråding. Grunneigar må her betale eit gebyr. Ligg det føre søknad om dispensasjon frå Plan- og bygningsloven, skal søknaden handsamast av formannskapet. Konsesjonsaker behandlast av landbrukskontoret.

Når søknaden har vore gjennom dei nødvendige instansar og vedtak fatta, går saka vidare til oppmålingsingeniøren for kartforretning og oppmåling. Etter oppmåling får tomta eit eige gards- og bruksnummer i matrikkelen, før det blir sendt melding til tinglysing. 

Matrikkelen er Noregs offisielle register over fast eigedom; bygningar, bustader og adresser.

Her finn du meir informasjon om frådeling av ny eigedom (Kartverket)

Her finn du skjema for rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring (Karteverket)