Fyresdal barnehage er kommunal og har 75 plassar og ca. 20 tilsette.

Barnehagen blei renovert og bygd ut i 2015. Det fysiske miljøet inne er lyst og fint, og byr inn til leik og kreativitet. Hausten 2019 blei også uteområdet Fyresdal barnehage renovert og utvida. Utearealet er stort, med mykje bruk av økologisk materiale og med fri tilgang til skog og nærområde. Hamaren Aktivitetspark ser ein på som ein del av primærområdet til barnehagen og blir ofte bruka.

Satsingsområda til barnehagen er sosial kompetanse, språk, uteliv og leik.

Besøkadresse og opningstid

Fyresdal barnehage held til i Landstadvegen 30.

Opningstida til barnehagen er måndag-fredag kl. 07.00-16.30.