Bustad med service

Bustad med service ligg rundt pleie- og omsorgssenteret og har alarmsystem tilknytt pleie- og omsorgssenteret. 

Det er 5 slike einingar i dei beige bygga ved pleie- og omsorgssenteret, 2 i det gamle fysioterapihuset og 3 i sokkelen på pleie- og omsorgssenteret. 

LHL Århusjordet

Århusjordet burettslag er sjølveigarleilegheiter som er definert som omsorgsbustader.

Når det er leilegheiter på sal må kjøpar tilfredstille krava som er sett for å få ein omsorgsbustad. Leilegheitene er også prisregulerte.

Det er Fyresdal kommune som har tildelingsrett.

Burettslaget har eigen vaktmeister. 

Omsorgsbustad

Omsorgsbustad er eit butilbod til personar med ulike funksjonsvanskar av fysisk, psykisk eller sosial art, ulik trong for auka hjelp i dagleglivet og med behov for fysisk tilrettelegging.

Leilegheitene er lettstelte, dei har romløysingar på eit plan og kan nyttast av rullestolbrukarar. 

Våre tilrettelagte bustader i sentrum (Prærien og Tøddebakkane) vil bidra til at den einskilde kan meistre daglege gjeremål, oppretthalde sitt funksjonsnivå lengst råd og etter behov kunne ta imot heimetenester eller heildøgns pleie- og omsorgstenester.

Alle som bur i tilrettelagt bustad vert rekna som heimebuande og betalar husleige. 

Pleie- og omsorgssenter

Aktivitetar:

Fyresdal pleie- og omsorgssenter tilbyr mange ulike aktivitetar. Nokre døme er andakt, besøk av "Seniorshop", trim med fysioterapeutane og ulike institusjonskonsertar. 

Avdeling Norstøg:

Norstøg er ei avdeling for personar med demens. Norstøg har 8 plassar. Alle rom er ljose, fine einerom, med bad og toalett på kvart rom. Roma er mellom 15 m2 og 25 m2 store. 

Avdeling Utsikten:

Utsikten er ei somatisk avdeling. Avdeling Utsikten har 12 plassar - 8 langtidsplassar og 4 korttidsplassar. I tillegg har vi ein ØHD-plass (øyeblikkeleg hjelp døgnplass). 

Kjøkken, POS:

Antal årsverk er 3,64 - dette er fordelt på 7 personar:

100 % avdelingsleiar/kokk - 180 % kokkestilling - 134 % assistentstilling - 100 % lærling

Målsetting for kjøkkenet:

  • Mest mogleg heimelaga mat.
  • Tilrettelagt kost for dei med ulike diettar og behov.
  • Kunne servere mat utover faste måltider.
  • Ha eit godt internkontrollsystem og kvalitetssystem, som sikrar gode rutinar og sikker produksjon av mat.

Jamfør gjeldande lovar og forskrifter.

Transport av mat til heimebuande – og kven kan få tilbod om tenesta:

  • Transport av mat til heimebuande blir ivareteken av frivillige. Det er 6 personar som har ein 6 vekers turnusordning på å kjøre middag heim til heimebuande.
  • Kven kan få tilbod om tenesta? Medborgarar i Fyresdal kommune med eit hjelpebehov grunna funksjonshemming eller sjukdom. Dette blir vurdert og vedteken i Tiltaksteam, som einskildvedtak.

Tenesta består av:

  • Middag og dessert/suppe, som blir levera i miljøvenlege porsjonspakningar. Den blir pakka varm og i termobag, før den blir kjørt ut til brukarane.

Pris for middag med dessert eller suppe er per i dag kr. 95,- per porsjon.

Andre prisar:

  • Brødmåltid kr 55,-.
  • Grautmåltid kr 55,-.
  • Middag kr 95,-.
  • Fullkost kr 150,-.

Tilbodet gjeld 5 dagar i veka (måndag-fredag), men kan utvidast til 7 dagar i veka ved særskilde behov.

Vaskeri, POS:

Antal årsverk er 0,65.

  • Vaskeriet har all vask av sengetøy og handkle.
  • Klede til brukarar og arbeidstøy til personale på POS.
  • Tilbod til brukarar av heimetenesten.
  • Vask for private etter kva slags kapasitet dei til ein kvar tid har.

Rutinar og prisar på vask for private:

Om du vil ha vaska dyner, puter og liknande, kan vi tilby deg det. Ring og avtal med Marife.

  • Ei vaskemaskin med klede: kr. 110,- per stk.
  • Dyner og soveposar: kr. 200,- per stk.
  • Dunjakker: kr. 210,- per stk.
  • Puter: kr. 125,- per stk.
  • Pledd: kr. 125,- per stk.
  • Trekk til overmadrass: kr. 220,- per stk.

Merk:

  • Dersom ein skal vaske dundyner/dunputer, må dei vere tette. 
  • Dyner og puter blir vaska på eige ansvar. 
  • Vaskeriet tek ikkje på seg lapping, sying eller reparasjonar. 
  • Vaskeriet tek ikkje på seg vasking av ryer/tepper på grunn av stor slitasje på maskinene. 
  • Vaskeriet tek ikkje på seg vasking av dukar og gardiner. 
  • Vaskeriet tek ikkje på seg vasking for private når Marife har ferie. 

TTF

TTF står for "tiltak og tenester for funksjonshemma".

TTF er eit bufelleskap for vaksne med utviklingshemming. Det er tilknytt 4 leilighetar med eit fellesareal, der den eine av dei leilighetane blir bruka som avlastning. Her er det døgnbemanning. 
 
Vi har også avlastning for foreldre til barn med ulike diagnoser og utfordringar.