Eit krisesenter er ein institusjon som tek imot personar som er utsette for vald i nære relasjonar.

Det er kommunen som skal sørgje for at det finst eit tilbod om krisesenter for alle som treng det. Kommunen skal òg sørgje for at krisesenteret oppfyller krava i krisesenterlova. Formålet med denne lova er å sikre at det finst eit godt tilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald frå nokon som står dei nær.  

  • Eit krisesenter er eit tilbod om ein mellombels stad å bu. Det skal vere gratis, døgnope og tilgjengeleg heile året.
  • Tilbodet skal vere tilrettelagt for kvar enkelt brukar.
  • Krisesenteret og andre offentlege tenester skal vere samordna og gje brukaren heilskapleg oppfølging.
  • Dei som har budd i krisesenter skal få tilbod om oppfølging etter at dei har flytta ut.

Krisesenteret i Telemark er organisert som eit vertskommunesamarbeid med Skien som vertskommune. Fyresdal kommune har på line med andre kommunar i Telemark ei samarbeidsavtale med Skien. Som vertskapskommune har Skien ansvar for eininga si drift og organisering og har personalansvar for dei tilsette.

Kvar kommune har oppnemd ein kontaktperson som krisesenteret kan halde seg til i samarbeidet. For Fyresdal er kontaktpersonen Anne Veum.

Her finn du meir informasjon om krisesenteret i Telemark

Om ein brukar ynskjer eller har behov for individuelle tenester frå kommunen under opphaldet ved krisesenteret eller i reetableringsfasen, kan dette fylgjast opp av ulike instansar etter brukarens ynskje og behov. Tilbod som kan koplast på er til dømes NAV, barnevernstenseta, psykiatritenesta, helsesjukepleiar og kommunepsykolog. Dette med samtykke frå brukar.

Søknad om tenester går via kommunen sitt tenestekontor. 

Aktuelle lenker:

Barnevernsamarbeidet i Vest-Telemark
NAV.no
Personaladministrasjon og tenestekontor
Psykisk helse og interkommunal psykologteneste